Heidi Furre's Blog
February 21, 2018
Sarah+Jørgen
Det vart langt mellom innlegga på dette bryllupsbonanzaet, haha! Men her del 2, til alle dykk som planlegger bryllup til sommaren. Snart er vinteren over, eg har brukt den til å halde pusten. Sjølv om det ikkje er eg som ligg i ei sjukehusseng er det der alle tankane mine har vore. Eg trur og håpar eg kan puste letta ut, begynne å gløyme at livet er uforutsigbart. Kanskje eg også kan bruke neste vinter til å klage på været og kulda. Som eg skal nyte denne våren! Og alle vårar. Men no ser me p...
January 26, 2018
Nikon FM2

Ein kveld var eg og Henrik oppe på loftet og henta dei analoge fotoapparatene mine. Tenk at dei må stå der oppe. Kvart år bestemmer eg meg for å fotografere meir analogt, men det blir liksom aldri. Tempoet passar ikkje lenger. I år hadde eg mange nyttårsfortsett, små ting som å trene blablabla. Og fotografere analogt. Få dagar etter var alt gløymt, plutselig var eg pårørande til nokon med kreft. Eg som hadde full kontroll over 2018. Det blir vanskelig å skrive uten å nevne det, for det farga...
January 17, 2018
Vigsle ved fjorden

Eg lova bort bryllupsbonanza på bloggen, her kjem første del! I alle bryllup er det ofte ein del av dagen som blir litt ekstra minneverdig, og i dette bryllupet var det definitivt vigsla. Det regna før vigsla, og fem minuttar etter brudeparet sa ja var regnet tilbake. Ei kvit tåke la seg over fjorden, som gav alle bildene eit magisk lys. Som fotograf er utendørs vigsle det eg er mest takksam for av alt. Det gir meg masse meir frihet og eg føler meg mykje mindre som elefant i glasshus. Ikkje...
January 8, 2018
Godt nyttår!



Svosj, jula er over! Den var ekstra fin i år. Har sett heile The Crown, perfekt stemning for jula. Skulle ønske ferien var lenger, men det er berre å rulle opp armane for 2018. Før i tida hadde eg eit rituale om å alltid drikke kakao med krem på mandagar, kanskje eg skal børste støvet av det i vinter. Me bloggast snart, eg planlegger bryllupsbonanza her så snart eg får tid!
November 20, 2017
Skrive 2
Går imot mitt eige råd om å ikkje skrive på kafé. Klarar ikkje å stenge verda ute, miljøet smittar over i teksten. Akkurat no skriv eg dette for å få ein pause, berre kludre ned det eg tenker på. Har akkurat spist ein bolle, burde valgt croissant. I dag tidleg raste fire handverkarar inn døra 07:30. Me må renovere badet, golvet sprekker opp og løsnar. Under flisene fant dei ennå eit lag med fliser, det samme må ha hendt dei som budde der før oss. Men denne gongen blir det ikkje halvvegs, til...
November 14, 2017
Skrive
No er det midten av november. Eg har fylt 31 år. Akkurat no ventar eg på at biblioteket skal opne, eg har drukke ein kruttsterk kaffi og ser den første snøen falle i Skovveien. I dag henta eg fåreskinnskåpa frå bestemor på loftet, eg ser fornuftig og damete ut i den. Så langt har eg brukt heile november til å skrive. Har takka nei til alle fotooppdrag, det måtte berre bli sånn. Har fått oversikt over at eg ikkje har oversikt i det heile tatt. Dagane går så fort, eg får såvidt tid til å skrive...
October 12, 2017
Ein heilt ny familie

Ein heilt ny familie, berre ti dagar unge. Å få ta bilder av nyfødte er det finaste eg veit. Er aldri nervøs for det, det er berre spennande og stort. Eg får oppleve barseltid på ein heilt anna måte, mi eiga barseltid var prega av såre brystvorter, brystbetennelse, legevakt, ambulanse, sjukehus. Skulle nesten ønske eg hadde booka fotograf den veka som var verst, for det kunne blitt ein ganske bra fotoserie. Men når eg får kikke litt inn i det universet som oppstår hos ein nyfødt familie ordn...
September 28, 2017
Slørsuksess i Slottsparken

I sommar møtte eg dette brudeparet i Dronningens Hage for å ta brudebilder. Fin plass å ta bilder dersom ein ikkje vil ut av byen, men ta bilder i det grønne. Veit ikkje kvifor det er så lite folk der, kanskje fordi det virkar stengt? Litt japanske turistar tuslar rundt, men ikkje så mange. Bruden var så fin, med blå sandalar, skreddarsydd kjole og varme fargar i buketten. Anar ein trend med varme, litt snåle bukettar, etter mange år med fredelege eucalyptusbukettar. Eg fekk ei openbaring un...
September 25, 2017
Gå i skogen
Eg har skogsabstinensar i dag. Det er masse traktkantarellar der no, eg vil plukke alle! Forrige veke tok me middagen med oss ut i skogen, Elsa fekk brøle som ein bjørn og stoppe ved alle steinar og kvistar. Eg fant sopp til å lage verdens diggaste gryte. Fant ein del i helga også, håpar eg får fleire turar før sesongen er over. Det fins ingenting som gjer meg så glad som å finne sopp. Den andre daten eg og Henrik var på var ein sopptur, det er nøyaktig seks år sidan. Hugsar me mø...
September 13, 2017
Ei ideell verd




Eg deppar litt over valget. Eg er så lei av å høyre at det ikkje har så mykje å sei kven som er statsminister eller om Frp får sitte i regjering i 4 eller 8 år. Fortell det samme til alle mindreårige i Norge som ventar på å få godkjent familiegjenforening. Fortell ein 15-åring at fire år med eller uten foreldre ikkje har noko å sei. I dette valget var det viktigaste for meg ein raus og human innvandringspolitikk. Me har det så bra her i Norge, me må dele det med fleire. Eg vil at dotter m...
Heidi Furre's Blog
- Heidi Furre's profile
- 51 followers














