Då Thor Heyerdahl for nokon år sidan ga ut bok om det siste prosjektet sitt, som liksom skulle visa at Odin og Tor var ekte menneske som stamma frå Kaukasus, stilte han mellom anna spørsmålet om korleis det kunne ha seg at Snorre visste om Troja? Svaret er truleg at Snorre - i motsetning til Heyerdahl - hadde lese ein versjon av denne boka, eller iallfall høyrd om innhaldet.
Trójumanna saga er altså ei omsetjing av eit latinsk verk som truleg vart skrive i seinantikken, men som gir seg ut for å ha vore skrive av ein som var til stades under krigen om Troja. Som vanleg når norrøne folk omsette litteratur, får me ikkje berre ei trufast omsetjing slik me er vane med i dag, men omskrivingar og tillegg som omsetjaren/forfattaren syntes lesarane burde få med seg. Noko av det artigaste er å sjå korleis han har omsett greske omgrep og namn til norrøne forhold - t.d. at guden Saturn er den same som Frøy, og liknande.
Eg har aldri lese Iliaden (og heller ikkje det latinske verket (eg har sett filmen med Brad Pitt)), så eg kan ikkje samanlikna. Uansett, den første fjerdedelen eller så av denne sagaen, er forhistorie. Denne er veldig springande, og det er ikkje alltid lett å skjønna relevansen. Det heile tek til på Kreta (tidsmessig plassert til den bibelske Josva si tid), der Saturn voks opp og vart ein så mektig og fantastisk herskar at folk til slutt meinte han var ein gud - "som me kallar Frøy". Han fekk sønene Jupiter, Neptun og Pluto - Jupiter er Tor, og vert òg ein stad kalla "Kreta-Tor". Tor si kone er Juno - eller Siv. Det er ikkje heilt klart for meg kva relevansen er her, bortsett frå at kongen av Troja, Priamus, ein gong møter Saturn i ein draum, og Saturn presenterer han for tre kvinner: Frøya, Frigg og Siv. Priamus må velja kven av dei han synest er fagrast, og då han ikkje vel Siv, blir Siv frå då av Trojamennene sin fiende. Vel.
Etter dette vert ein versjon av historien om Jason og Argonautane fortald - Jason må finna eit saueskinn som er hengt opp i hovet til Ty i Kolkos. Elles viser han seg å vera ein skikkeleg dritsekk, dumpar kongsdottera Medea på ei øy på veg heim til Grekland, fordi han har ei betre kone som ventar på han heime, utan at dette får nokon konsekvensar for han. Han er ikkje med i resten av soga.
Så, om lag ein fjerdedel ut i boka, tek Trojakrigen til. Paris, eller Alexander, som han stort sett blir kalla, har røva med seg Helena til Troja, grekarane blir sure og under leiing av Agamemnon reiser dei til Troja, og så tek krigen til. Her tok eg meg i å synest forteljinga var spennande, sjølv om eg visste meir eller mindre korleis det kom til å gå - mesteparten av heideren må vel gå til Homer, for her er det jo ei god forteljing som ligg i grunn. Mange av enkelthendingane undervegs kjenner eg igjen frå filmen - Patroklus, "kjærleiksvennen" til Akilles, som vert drepen mens han er kledd i Akilles sin rustning, Akilles som tek hemn og drep Ektor, Priamus som går uvæpna til grekarane sin leir for å få attende liket, og andre episodar. Det er (vil eg tru) litt som å lesa ein "greatest hits", eller eit resymé, av Iliaden - berre dei saftige bitane, utan særleg utanomsnakk.
Når det nærmar seg slutten, og eg ventar på at hesten skal dukka opp, så - skjer ikkje det. Etter ti år med krig (med lange periodar med grid innimellom) held trojamennene (som forøvrig stort sett vert kalla 'tyrkarar') ting, og på tinget bestemmer dei seg for å halda fram krigen. Men mindretalet, som vil slutta fred, og fleirtalet stolar no ikkje lenger på kvarandre. 'Fredspartiet', med Eneas og Antenor i spissen, trur at kong Priamus vil drepa dei, så for å koma dei i forkjøpet gjer dei ein avtale med grekarane. Mot å få grid sjølv, opnar dei borgporten og slepper grekarane inn, og dermed er det ute med Troja.
Men, seier forfattaren så, dette var meister Dares sin versjon, men det finst ein annan versjon, som stammar frå Eneas sjølv, som han har fortald for å skjula sitt eige svik. Og då kjem forteljinga om hesten. Ein litt rar detalj er at sjølv om Ulixes og ein gjeng med riddarar har gøymt seg inni hesten, så er det eigentleg heilt irrelevant. Poenget er at hesten er så stor, at for å få han inn i borga, må dei riva litt av muren. Så då angrip grekarane gjennom den no øydelagde muren, og først etter at dei er inne i byen, hoppar grekarane i hesten ut. Dei kunne altså ha spart seg å gøyma seg inni han i det heile.
Altså: Når Troja-krigen først kom i gang, ein fjerdedel uti, så var dette underhaldande lesing. Og det er jo i seg sjølv uhyre interessant å sjå korleis dei norrøne oppfatta og fortalde om desse hendingane, langt borte ved Jorsalahavet.