Jump to ratings and reviews
Rate this book

Prøvetid: Roman

Rate this book
Norwegian

157 pages, Unknown Binding

First published January 1, 1984

2 people are currently reading
7 people want to read

About the author

Edvard Hoem

64 books75 followers
Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut høsten 2020.

I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.

Ratings & Reviews

What do you think?
Rate this book

Friends & Following

Create a free account to discover what your friends think of this book!

Community Reviews

5 stars
0 (0%)
4 stars
5 (31%)
3 stars
8 (50%)
2 stars
3 (18%)
1 star
0 (0%)
Displaying 1 - 3 of 3 reviews
Profile Image for Merete Bratsberg Aae.
496 reviews10 followers
July 4, 2023
Ein kunstnarroman om Johannes Bergmann, kjend skodespelar. Han er populær, suksessfull og samtidig eit fragmentert menneske. Vi følger han gjennom prøvetida fram mot premieren, og det er mykje som blir prøvd. Rolla som Juan i Frøken Julie av August Strindberg er krevande. Han er ein skjørtejegar i eige liv og i rolla. Det blir ein konfrontasjon med eigne kjensler, relasjonar han har og har hatt og samapelet med andre i teateret.
Miljøet er henta frå teater og uteliv, og Johannes spelar roller kanskje heile tida. Er han nokon gong seg sjølv? Han er full av uro. Han lar ikkje folk slippe inn på seg. For mykje alkohol og damer, for lite søvn og for lite balanse. Rolla som Juan er ikkje sunn for han, men kanskje ho kan virke forløysande?
Språket flyt lett og ein kjenner fortvilinga og forvirringa hans. Ein kan få lyst til å rope nei når han tar val som ikkje er bra for han, men ein må berre følge med. Det bygger seg opp mot premieren. Ein viss spenning er knytt til prestasjonen på scenen, som er heilt på slutten av romanen.
Eg likte boka godt. Ho blei gitt ut i 1984. Da eg las ho i 1990, hadde eg Frøken Julie på pensumlista. Eg hugsar nok ikkje teksten til Strindberg så godt frå den tida, men eg hugsar at eg likte denne forfattaren, Hoem, som kom frå ein stad eg ikkje kjente til, men som eg skulle komme nær ikkje mange år seinare. Måten han blandar litteratur inn i romanen, med mange referansar, likar eg godt. Så eg har lest litt om Strindberg og forfattarskapen hans no igjen. Ei bok er ein vegvisar inn i annan litteratur på ein spennande måte. Hoem sjølv har slått gjennom på nytt med slektsromanar. Eg likar dei, altså, men eg er framleis fascinert av den tidlege delen av forfattarskapen hans, som eg las som ung.
3 reviews
September 10, 2016
Lite innbydende bok fra starten av. Følger en i utgangspunktet "uspiselig" mannsperson, men som etterhvert forandrer seg. Boka blir mer meningsfull.
Displaying 1 - 3 of 3 reviews