For ein som elskar å lesa historiske kjelder var dette heilt glimrande! Levande augevitneskildringar frå ei dramatisk tid.
Balthasar Russow skriv historien til Livland (omtrent vår tids Estland og Latvia), frå kristendomen kjem dit med dei baltiske krosstoga og tyskarar og danskar rundt 1200 til hans notid, 1570-talet, då det "Gamle Livland" - staten som dei tyske riddarane bygde opp i Baltikum - hadde gått under etter ein russisk invasjon og ein over 20 år lang krig mellom russarar, svenskar, danskar og polakkar.
Den første femdelen, sånn cirka, er dei første 300 åra, frå dei tyske riddarane først kjem og fram til 1500-talet. Dette er skildra ganske oppskriftsmessig for krøniker. Dei lokale heidningane blir nedkjempa, og dei kristne tyske riddarane etablerer herredømmet sitt. Det går slag i slag, bokstaveleg talt, frå massaker til massaker, og undergangen til den gamle baltiske kulturen blir skildra som ein bra og nødvendig ting. Litt kjipt.
Men så kjem Russow til si eiga levetid, og han skriv ikkje lenger om ting som han har frå eldre krøniker. Det heile blir veldig mykje meir levande. Han skriv om ting som han har opplevd sjølv, eller [truleg] har fått fortalt frå folk som har opplevd det. Han har ikkje alltid den store politiske oversikta, over korfor ting skjer, og kva det store biletet er. Horisonten blir òg snevrare, frå heile Livland til den nordlege delen, Estland, og aller mest Tallinn. Russow skildrar godt korleis hendingane opplevest på bakken. Det er nydelege glimt av verkelegheit, og til tider vekkjer det kjensler hjå [denne] lesaren. Livland har levd i fred i manns minne før den store krigen tek til midt på 1500-talet. Ingen har krigserfaring. Då dei første soldatane mønstrar i Tallinn med trommene sine, kjem folk ut og ser på dei og synest det er spennande, for dei har aldri høyrd krigstrommer før, men 20 år etterpå ynskjer dei ingenting meir enn at det skal bli slutt på alle desse krigstrommene, og at dei endeleg kan få høyra lyden av bøndene sine sekkepiper som spelar til fest igjen, slik dei gjorde før krigen.
Skildringa av den russiske beleiringa av Tallinn er eit meir detaljert bilete av korleis innbyggjarane i ein by opplevde krig enn eg kan hugsa å ha lese før frå denne tida. I eit års tid er byen omringa frå land, og dagleg skyt russarane brannkuler inn i byen for å bryta ned moralen til dei beleira. Befolkninga organiserer vaktmannskap som rykkjer ut straks slike angrep skjer, og sløkkjer eventuelle branntilløp. Det fungerer, byen blir aldri skoten i brann. Men folk døyr jamt, ein her, ein der. På eit tidspunkt blir fire personar frå same familie drepne av ei kanonkule medan dei sit i badstu - det er den blodigaste enkelthendinga, skriv Russow.
Når ein les dette i 2025, om ein russisk hær som invaderer ein nabo og drep sivile på måfå i stadige artilleriangrep, er det ikkje til å nekta at parallellar til samtida trengjer seg på. Historia gjentek seg ikkje, men stundom rimar ho, som dei seier. Byane i aust, nær den russiske grensa - Tartu og Narva - er okkupert av russarane i rundt 20 år, men dei klarer aldri å ta Tallinn. Det verkar heilt håplaust å nokon gong skulle klara å driva russarane ut igjen av landet, og krigen dreg ut og dreg ut. Men til slutt lukkast det likevel. Krigslukka snur og svenskane - som er Russow sine heltar - og polakkane deler det gamle Livland mellom seg.
Det tok si tid å koma gjennom det heile, men eg koste meg med denne.