Jump to ratings and reviews

Forteljingar om drap – kriminalhistorier frå seinmellomalderen

- Prestar som slår i hel. - Bønder som drep kvarandre i fylla. - Grådige munkar som utnyttar fattigfolk økonomisk. - Bryllaupsgjester som skjeller kvarandre ut og trekkjer kniven.

Det minner om sensasjonsprega avisoverskrifter, men oppslaga refererer til hendingar som ligg langt bak oss i tid. Hendingane kjem likevel tett på oss i Olav Solbergs nye bok om drapssaker, Forteljingar om drap. Boka byggjer på drapsbrev frå seinmellomalderen (1300-1550).

Den gong som nå vart drapssaker etterforska, og drapsbrev er utgreiingar om kva som gjekk føre seg ved drapet. Solberg har lese desse breva, og gjennom grundige og spennande analysar kjem han mellomaldermennesket tett inn på livet. Her er blod, sveitte og tårer, skrik og skrål, rop om hemn og bøn til Gud!

Solberg meiner at vi ikkje bør oppfatte seinmellomalderen som eit litterært tomrom, slik det har vore gjort. Det fanst ei sterk og livskraftig munnleg dikting - eventyr, segner, balladar, ordtak. Solberg viser at språkuttrykk - formlar - frå denne diktinga er til stades i dei gamle drapsbreva. Den gode drapsbrevskrivaren gjorde bruk av desse formlane - han skreiv med den munnlege diktinga klingande i øyra. I drapsbrevet møtest derfor skrifttradisjon og munnleg dikting.

Olav Solberg skriv engasjert og levande om eit uvanleg spennande emne. Forteljingar om drap er ei gullgruve for alle som har sans for gode kriminalhistorier, som er interesserte i litteratur, kultur, språk og historie - og for alle som har lyst til å lære mellomaldermennesket betre å kjenne.

252 pages, Paperback

First published July 8, 2003

Loading...
Loading...

About the author

Olav Solberg

7 books

Ratings & Reviews

What do you think?

Friends & Following

Create a free account to discover what your friends think of this book!

Community Reviews

5 stars
0 (0%)
4 stars
3 (100%)
3 stars
0 (0%)
2 stars
0 (0%)
1 star
0 (0%)
Displaying 1 - 1 of 1 review
Profile Image for Knut Sigurd.
780 reviews9 followers
May 25, 2013
Veldig spennande, særleg var det gildt å få greie på den historiske bakgrunnen for Lagerlöfs Herr Arnes penningar.
Displaying 1 - 1 of 1 review