Elisabeth og Gry dreg til Venezia for å fi nne ut kva som skjedde med bibliotekaren Viggo. Kva var han på sporet av då han døydde? Lesaren blir også teken med til Venezia på 1500-talet, der Gallo-brørne går i gang med spegelproduksjon. Dei blir både offer og reiskap for dei demoniske kreftene som seinare skal heimsøkje Hardanger på 1800- talet og Bergen i notida. Her får lesarane som har følgt Svarte- Mathilda frå spegel til spegel, endeleg vite den grufulle byrjinga på historia. Eller går ho kanskje endå lenger bakover i tid?
Den tredje boka om Svarte-Mathilda er mørkare og skumlare enn dei to første, som har blitt lesarfavorittar og nominerte til Uprisen.
Tor Arve Røssland skriv bøker for barn og unge, og er mest kjent for serien om den vesle kultfiguren Pode. Pode er ein seks år gamal gut som vi første gong blei kjend med i boka Pode frå 1999. Seinare har Pode-fans kunna glede seg over å følgje han i Pode mister fotfestet (2000), Pode får snue (2002) og Anti-Pode (2006). Den første boka om Pode er omsett til tysk.
Røssland har også skrive ungdomsromanen Plutselig skjøna eg alle songane (2004) og lettlesboka På rømmen i New York (2008). Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen.
Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland. Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk.
Det er ikke ofte forfattere klarer å opprettholde spenningen i tredje og siste bok i en trilogi, like godt som i de første. Denne er kanskje til og med enda mer spennende enn de to første. - God, norsk grøss/spenning for ungdom i alle aldre. Anbefales!
Skulle bare ønske at slutten var mer avsluttende. (Cliffhangers i slutten av en serie er ikke greit, Tor Arve Røssland!!)