Kort sagt handlar romanen om ei reise, som er både fysisk og symbolsk. Ei mor og dottera på 4,5 år drar frå Oslo, der dei bur, til Vestlandet, der mora kjem frå. Reisa tur-retur er full av minner, små tidsreiser og kjensler i tillegg til vanlege praktiske detaljar.
Vi møter tre generasjonar av kvinner. Jenta som veks opp i Oslo, eg-personen, mor til jenta, og mor hennar, som er ei eldre kvinne buande på Vestlandet. Boka handlar mykje om det å vere dotter, mor og begge delar. Eg-personen snakkar til seg sjølv, i form av eit «du». Stiller spørsmål.
Generasjonar. Ein kan ikkje føre vidare barndomen sin til neste generasjon. Dei har sine eigne opplevingar, sitt språk og sin måte å sjå verda på. Når dottera snakkar, er det på bokmål. Det viser litt av kontrasten mellom generasjonane. Dei har faktisk ulike språk.
Vatn er ein raud tråd gjennom boka. Bygda på Vestlandet er full av vatn på mange måtar. Regn, elv, straum, bølgjer, sjøsprøyt, sveitte, is, undervatn, farvatn, havhestar. Til og med bølgeblekk får ein smak av hav. Språket er poetisk og noko oppramsande. Det er lange, fine lister av observasjonar og tilbakeblikktankar. Slik er teksten som vatnet. Det renn hit og dit, og drar med seg ting i farta. Ein annan ting er at vatn gir energi. Som gjer at straumkablar svevar over historia og lagar kobling mellom dei vi ser og ikkje ser. Mellom det konkrete og det abstrakta.
Barndomsminne, gamle historier, som fysiske ting og som leiker – dei dukkar opp og er mystiske. Som til dømes hesten. Hesten som sank og ligg under isen. Hesten som fekk eit føll, som faren solgte. Hesten som var ei leike, ei avstøyping.
Eg likte særleg godt skrivemåten i boka. Nokre avsnitt er som korte essay. Som tankestraumar, poetiske og spørrande.
Omtalen her er ikkje eigentleg heilt ferdig. Men eg er liksom ikkje ferdig med boka. Eg må lese igjen, og så får eg lyst til å skrive sjølv. Om turar som går motsatt veg; frå vest til aust. Til barndom og mystikk, avstand, detaljar og dragninga eg kjenner kvar dag, i retning Skien, staden eg kjem frå.
Boka er ei av dei beste eg har lese på lang tid!