Fabelaktig vond. Camara Lundestad Joof har ein utruleg vakker måte å uttrykkja seg på. Eg kan sterkt anbefala å høyra på at ho les boka sjølv.
Her er nokre utsagn eg likte:
"Sånn er det når ein bruker kunsten instrumentelt, det blir mindre plass til estetikk"
"Eg snakkar om det heile tida. Og da tenkjer dei kanskje: "Å, ho er brun først, og ho prøver å ikkje vere det. Ho er også ein venn. Dette skjedde. Dette skjer ofte. Dette har skjedd fleire gonger enn vi forstår."
Og eg slepp, fordi i min monomani så er eg ikkje berre brun først og venn etterpå, eg gjer dykk kvite først også."
"Den viktigaste samtalen om n-ordet hadd eg med min eigen familie. [...] I forkant gjekk eg på biblioteket, søkte på nettet, henta artiklar og historikk, og så sa eg: "Det er dette dei kallar oss. Dette er slaveri og segregering, dette er raseteori og dehumanisering, dette er postkolonialisme, lingvistikk og ignoranse, dette er rasisme." No veit dei det, no får dei ikkje seie at dei ikkje veit. No ligg dette på dykk."
Eigentleg kunna eg ha sitert heile boka, ord for ord, for eg tenkjer at kvar bokstav, kvart ord, kvar ein setning og kvart eit avsnitt er like viktig. Les boka; du kjem ikkje til å angre.
PS. Eg har knapt skrive nynorsk på fleire år, så ikkje gjer narr av meg om eg har skrive noko frykteleg feil. Let meg læra av mine feil i ro og mak.