Vi har så korte armar er ei svært humoristisk og original forteljing om Ølgjer og Liv, om å vekse opp på ein liten plass, kome til ein litt større by og å leite etter kjærleiken.
I Skoddeheimen er det fint å bu, synest dei som framleis bur der. Men Ølgjer og Liv har reist derifrå, dei vil begge til byen. Der treffer dei kvarandre, har eit forhold og går frå kvarandre igjen, og formidlar gjenkjenneleg studenttid og skrå tilbakeblikk til sin "bondske" oppvekst.
Fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket Stort og stygt tematiserer ho det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre, for første gong. Med Tung tids tale bryt ho igjen tabu, denne gongen med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.
Eg hadde nok litt for store forventningar til denne boka, og blei litt tatt på senga over at eg sleit så med å følge med i handlinga(ne). Boka er nok ikkje dårleg, men eg sit igjen med ei kjensle av å vere 100% forvirra - det seier kanskje meir om meg enn om boka. Men ein kan ikkje forstå og like alle bøkene ein les.
Interessant hybrid. Lest som pensumbok på nordisk-studiet. En av de mer engasjerende bøkene jeg har borti. Likte jeg den personlig? Noe usikker. Original og utfordrende? Definitivt!
Underlig bog. Påtaget underlig. Den kalder sig prosa og tilstandsrapporter. Jeg tænker at den måske vil vinde ved en genlæsning, hvor man systematisk kortlægger og sikrer sig at man forstår hvem, hvad og hvornår. Temaerne om ungdom, fraflytning fra den bette provins, studierne, naboer, samboer og kæresterier rummer en kærlig overbærenhed overfor de forvirrede nybegyndere. Men fragmenterne har knap start og slutning, og hænger knap sammen. Sikkert sjovt som pensum på et litteraturstudium.