Journalist Agnes Tveit skal dekke det tradisjonsrike Smalahovesleppet på Voss for lokalavisa då ho får auge på eit menneskehovud blant saueskallane. Den påtroppande ordføraren på Voss, tidlegare TV-kjendis og heimflytta vossing Sjur Dagestad, dukkar ikkje opp til opninga av Smalahovesleppet. Men hovudet hans gjer det. Det blir funne i festivalteltet, skilt frå resten av kroppen. Kven har tatt livet av - og halshogd - den populære politikaren? Agnes Tveit, som er tilbake i avisa Hordaland og motvillig nærmar seg sin eigen 40-årsdag, var truleg den siste som prata med Dagestad då ho portrettintervjua han dagen før. Ho kastar seg ut i ei etterforsking som avdekker stygg maktkamp, politiske fiendskap og alvorlige truslar. Jo tettare Agnes kjem på drapssaka, jo fleire truslar blir retta også mot henne.
Skallebank er Randi Fuglehaug sin tredje frittståande krimroman med handling frå vakre Voss. Hennar første roman, Fallesjuke, vann Mauritz Hansen-prisen «Nytt blod» for beste norske krimdebut.
Randi Fuglehaug kan kunsten å skrive god krim altså! Spenstig språk og driv, kjappe replikker og allting. Yey!!! Fallesjuke var knallbra, Tonedød hakket bedre, og nå Skallebank, ja, den føyk rett inn på favorittlisten min! At handlingen i bøkene er lagt til Voss syntes jeg er skikkelig stas! Heia Agnes Tveit!
Den beste krimboka i år, helt klart. Det som er så fint med Fuglehaug sine bøker, er at de er så gjenkjennelige, menneskelige og til og med humoristiske. Hun skriver så levende og akkurat passe lettlest til at sidene flyr avgårde. Og så elsker jeg at bøkene er på nynorsk!
Skallebank hadde flere plottwister og var akkurat så grotesk som du forventer! Og så syns jeg hun tar menneskene på alvor i historien, det er kompliserte karakterer med mange hemmeligheter. Les les les!
Agnes er akkurat passe rabiat, og annerledes fra andre krimhelter. Hun er kanskje litt heldig med at tips faller i fanget hennes og samtlige på Voss plaprer til henne selvom hun er journalist, men men.
Skallebank har en fin mellomgang mellom klassiske nordic noir sjangertrekk og en ny, friskere retning. Jeg liker godt den humoristiske undertonen og det jordnære språket.
[3.25/5.0] I «Tonedød» tykte eg at Agnes Tveit var ein litt i overkant vågal person som tok litt for mange sjansar til at det var heilt truverdig. I «Skallebank» tek Agnes det heilt ut. Ho er ein overdriven uforsiktig, naiv, spontan, tankelaus og rulettspelande journalist som med overdrive mot, og utan å nøle, plumpar uti ein kvar situasjon som kan øydeleggje for politiet, for andre, eller for seg sjølv. Eller vere livsfarleg. Ho er til tider så usympatisk i måten ho brukar andre menneske på utan å tenkje på kjenslene deira, i kvart fall ikkje før etterpå, at blir litt for mykje, og litt lite truverdig.
Men ho skal ha for at ho, eller rettare sagt Randi Fuglehaug, også har mykje humor og glimt i auget. Det vart ein del humring i skjegg. Ho skriv enkelt og greitt, utan korkje djupdykk i menneskjepsyka eller blomstrande skildringar av natur eller downtown Vossetangen. Nokre gonger er nett det det ein treng. Iallfall når historia er spanande og umogeleg å leggje frå seg.
Fuglehaug lurer oss med masse blindspor og falske leietrådar. Problemet er berre at eg ikkje føler at eg som lesar kunne ha oppklåra mysteriet på eiga hand. Dette er ikkje ein intelligent Harry Hole-historie der forfattaren har lagt ut nok hint og vink gjennom boka til at ein smart nok lesar kan klare å løyse gåta før alt vert avslørt. Eg føler meg litt snytt når Fuglehaug held tilbake masse essensiell informasjon heilt til dei siste få sidene. Sjølv om ein kan tenkje seg fram til nokre samanhengar og dermed hanke inn nokre delsigre, som t.d. kva som var mordvåpenet og den velbrukte .
Ein heilt grei rotnorsk krim, med eit artig men ikkje alltid like truverdig persongalleri.
Serien med lokalavis-journalisten Agnes Tveit har vokst på meg. Rett og slett veldig underholdende Vossakrim! La oss håpe at festilvaltrilogi blir til kvartett i det mlnste. Nå som Vossa Jazz, Ekstremsportveko og Smalahovesleppet har fått sine bestialske drap, burde det være duket for en mordgåte med Osafestivalen og folkemusikkens mystikk som bakteppe.
Þessi er þrælgóð. Skemmtilegur húmor með fjölbreyttum persónum, spennandi og óvænt endalok. Vonandi koma fleiri bækur í þessari seríu - er búinn að lesa allar.
Ikke helt min greie med journalisten Agnes som klarer å løse mordgåten ved hjelp av gode «personlige» relasjoner og sikkert teft på rekordtid. Pluss for at den er lettlest og at den er på nynorsk. Har gjenoppdaget gleden av norsk sidemål som det het den gangen jeg gikk på skolen. Kommer til å bli fort glemt.
Som bergenser med adresse på østlandet er jeg nok ikke høyest på ønskelisten til den stereotype Vossing, men lar meg likevel underholde av heseblesende krim i kjente omgivelser.