Var det grønt er ei oppløysingssoge, ein sørgesong og ein protest, som spring ut av ein klar augeblink i ei elles mørklagd verd. I den stunda da tilværet tar slutt, grip dikta etter det som var, glimt frå ein morgon ved frukostbordet, lydane frå ein radio, ein platespelar eller ein trikk, ei gryande kjensle av at noko er i endring: minne som er i ferd med å forvitre saman med elgen og haren, med eksistensen og ordet.
vil hugse men den eine lukta solvarm stein er eitt med den eine smaken sandkorn det eine minnet skrifta i greinene er eitt med det eine håpet var det grønt
Var det grønt av Ida Hove Solberg er en diktsamling skrevet på nynorsk. Boka er forfatterens første bok. Jeg likte den veldig godt. Nynorsk er en målform som har masse poesi i seg. Diktene er forholdsvis lette å følge. Det er en eksperimentell tone i språket som bygges opp og settes sammen med temaer som oppleves som politiske. Diktsamlingen oppleves som aktuell nå som klimaspørsmål blir mer og mer gjeldende.
Etter en rar dag der jeg ser at min og en annens virkelighet virkelig ikke kan møtes leser jeg denne saken og opplever en slags felles våking. En sørgmodig aksept, smaker stemningen som. Setningene ga et fellesskap som det var godt å være i.
Korte dikt om store tema. Denne diktsamlingen går fra store tema som øydelagd natur, til dei nære tinga som sorg over tapt kjærleik. Haren representerer det levande, på veg inn i revesaksa. Verdsveven raknar, hav er ikkje lenger hav. Gjenklistra av mudder er det vanskeleg å puste. Mange av dikta skildrar ein kollaps, eit tilbakeblikk på korleis menneska regjerte. «Eg» snakkar til eit «du» som ikkje er der lenger, med scener frå eit kjøkkenbord, og finn lappar med dikt mellom sider i ein bok, i ein skuff; tekstar som talar om «vi». Ida Hove Solberg sin diktdebut er full av sorg og alvor, noko vi treng å lese.