Når alt ikkje er som det ser ut. Johanne går andre året på vidaregåande og har allereie begynt å planlegge framtida si når ho er ferdig på skulen. Ho vil studere psykologi, flytte ut av den tronge bygda og oppleve verda. Men forelda har andre planar for henne, dei vil at ho skal overta slektsgarden. Gjennom nokre varme veker i mai blir Johanne tvinga til å ta eit oppgjer med familien sin, venene sine og ikkje minst med seg sjølv. Skal ho halde fram den nye venskapen med Linn, sjølv om Linn heng med rånarane og er så annleis enn ho sjølv? Skal ho ta over garden eller bryte med tradisjonen? Og korleis skal ho stille seg til familiehemmelegheitene som plutseleg dukkar opp?
Utveg er ein roman om venskap, om det å vekse opp og finne ut at vaksne ikkje alltid gjer det rette, og kanskje finne nye vegar ein ikkje visste fanst.
Jeg satte pris på kontrastene som ble skildret, det bidro til at jeg opplevde hovedpersonen som mer troverdig. Det var spennende å lese om ei odelsjente. Samtidig var det visse skildringer som fikk meg til å tenke mer nøye igjennom hvordan jeg reagerte på det jeg leste.
Om å vere ung, ha livet foran seg, ha draumar og planar, men samtidig stå i ein familietradisjon som kjennest tyngande. Johanne, eg-personen, er ei flink jente. Ho bur på gard og jobbar mykje der, i tillegg til at ho er flink på skulen. Venninna har fått seg kjæraste og er mykje opptatt. Så Johanne tar opp kontakt med Linn, ei som har retning for skråplanet, veldig ulik ho sjølv. Dei to får eit venskap som set ting i perspektiv. Johanne blir med Linn på fest og moro. Samtidig får bestefaren hjartetrøbbel. Ting i familiehistorien kjem opp, og mange må gå ein runde med seg sjølv. Det er særleg Tor, onkelen til Johanne, som er viktig. Saman med Linn går Johanne inn i eit miljø som flyttar grensene hennar. Røyk, alkohol, gutar. Ho er i ein trassalder, og det gjer godt å protestere, men ho har grenser, og ikkje alle respekterar dei. Boka er lettlest, det er eit godt driv i ho og personane er fleirtydige. Eg likar godt at Linn, som har eit dårleg rykte, er ei som kan røske opp i ting og hjelpe. Ein får medkjensle med ho og ein anar at ho ikkje har det så lett heime. Dette gjer at boka har fleire stemmer og at ein kan sjå at livet ikkje er enkelt, at det å vere ung er utfordrande. Samtidig seier boka at ein må snakke om ting. Ein viktig bodskap!
Dette var en rørende roman med dype og flersidige karakterer.
Jeg lot meg spesielt røre av Linn og de vanskelige valgene Johanne stod ovenfor, og det å la noen spørsmål forbli ubesvarte. Det er betryggende og inspirerende at Erling lar være å gi alle svarene. Det utfordrer og minner meg på å ta leseren på alvor, og at denne type refleksjon er, et etter min mening, en forutsetning for god litteratur!
Romanen viser meg også hvordan og hvorfor man skal skrive for ungdom, og at spørsmålene som tas opp er like viktig for ungdom som for voksne.