Maja hamnar stort sett alltid i trøbbel. Ho har akkurat krangla med mora si, for deretter å stikke heimanfrå. No sit ho på nattbussen på veg til tanta, som bur fleire timar lenger nord. Ilias er også i trøbbel. Han har rømt frå asylmottaket, skuldar pengar til Nils og gjengen, og har attpåtil lova mora å passe godt på veslesøstera si, Amira. På uventa vis møtest vegane til Ilias og Maja. Saman blir dei vikla inn i eit nervepirrande drama der altfor mykje står på spel og mange har mykje å tape.
Ungdom i trøbbel på ulike måtar, spenning og uventa hendingar på marknaden på Soldagen ein stad i nord. Dette er ei lettlest bok med godt driv. Maja, i tenåra, stikk av frå mora. Ho drar til tanta og viklar seg inn i meir trøbbel. Nils, ein luguber type, treng hjelp. Han møtte vi i Polarnatt (av same forfattar), og det same gjeld Ilias og søstra. Ilias, ein flyktning, 16 år gamal, er hos venner av tanta til Maja i helgene. Han skuldar Nils pengar. Gamle konfliktar går vidare i boka, og Maja gjer ting som verkeleg får ting til å skje. Det blir verre og skumlare enn ho hadde trudd. Eit pengeskrin forsvinn, det er slossing, sniking og både politi og ambulanse. Dei vaksne i boka hjelper til og får stabilisert dramatikken, godt hjulpe av hundar. Mor til Maja møter vi ikkje direkte, men ho er nok ikkje så stabiliserande. Maja og Ilias fortel frå kvar sin side av det som skjer. Så vi får sympati med dei begge. Nils er meir av ein skurketype, men eg får sympati med han og på slutten. Det er fint at personane er samansett og ikkje eintydige. Soldagen skal vere ei fin markering av sola som kjem tilbake etter mørketida. På eit symbolsk nivå blir det og sol i liva til dei som er involvert, håper eg, i alle fall. Boka er gitt ut med støtte frå «Leser søker bok». Det vil seie at boka er lett tilgjengeleg, med lett forståeleg språk og innhald. Spenning og dramatikk er det uansett plass til.