Odd Nordstoga er ein av Noregs mest folkekjære artistar. I denne boka fortel han si eiga historie.
Eg har bestemt meg for å legge alt skamvit til sides og fylgje meg sjølv med tastatur. Eit slags reality show på papir blir det vel. Eg skal hente fram minne frå stadene mine, frå vegane mine og folket mitt, for det er dei som ligg mellom linjene i musikken min. Fortelje fram baklandet til songane mine. Det er det eg skal prøve på. Der ligg historia mi òg, historia om ein som starta på trekkspel som åtteåring og lét musikken vise vegen heilt hit. Eg håpar det blir ei bok om ein spelemann, for det synest eg er ein fin ting å vera. Å, kunne eg vera ein spelemann!
Spelemann er ei personleg forteljing om å vekse opp på gard, om å vera betre til å spela trekkspel enn fotball, om familielivet og songskapinga heime på Nordstrand og om det såre og det fine med å ha ei syster som er annleis.
Omtale av Spelemann, ein sjølvbiografi av og om Odd Nordstoga, gitt ut i september 2024 I boka blir vi kjend med artisten og personen Odd Nordstoga. Han fortel om oppveksten på ein gard i Vinje, om å vekse opp i ein musikalsk og aktiv familie. Han kjem frå trygge rammer, har utdanning og står trygt i sin eigen identitet. Kva som er hans stil er noko av det som går som ein raud tråd gjennom boka. Det er ikkje så lett å sette han i bås. Han brukar nåtid som ramme og kjem med tilbakeblikk. Han likte trekkspel betre enn fotball, og fekk utfalde seg i musikkmiljøet i Vinje. Mora var sentral der, ja, heile familien hans er ressursar i kulturlivet. Så det er nok ein fin blanding av arv og miljø som har gjort at han blei artist. Vi følger han gjennom skulegang, ulike band og fram til karriere som soloartist. Vi får se korleis han har samarbeida med mange og kor store endringar musikkbransjen har gått gjennom. Det handlar om å spele, men og om å skrive. Og ikkje minst; om å stå på ein scene. Spelemann-tittelen peikar på det. Ein tradisjon og eit yrke. Av og til ein klovn, som han seier sjølv. Han har hatt stor suksess, men han har jobba for det. Og han er brydd, men på same tid glad for å bli sett og få vere ein del av samtidskulturen. Songane Bestevenn og Ein farfar i livet har blitt moderne klassikarar, vil eg seie. Kapitla har namn etter songane hans. Det er lett å høyre stemma hans i teksten, med humoren og skråblikket. Han er ein draumar med eit behov for å formidle. Han uttrykker eit ønske om å vere meir eintydig, men eg sett stor pris på at han overraskar, at han tar fram tradisjon og meir moderne uttrykk og at musikken hans er både jordnær, morsom og tør å vere pilegrim og bruke seriøse tema. Eg har kjent til Nordstogafamilien i mange år, ikkje personleg, men fordi eg er telemarking og las om dei i avisa. Dei hadde konsert i Gullbring, eg var på studietur på Plassen og fekk omvisning av mora hans, Ellen. Eg likar så godt at han tar fram arven frå Telemark, og at han gjer det universelt. Særleg godt likar eg Nivelkinn, som han laga med Øyonn Groven Myhren. Aslaug Vaa blei ny for meg. 23. juli 2011 var eg på konserten hans under Telemarksfestivalen. Eg stod i tunet der eg hadde hatt hybel 20 år tidlegare, og blandinga av songane eg kjende så godt, tilknytninga mi til Bø (mora mi kjem frå Bø) og den rare stemninga som var dei dagane, gjer at eg aldri gløymer det.
Odd Nordstoga har skrive ein sjølvbiografi som ein kunne vente: Lun og personleg, men ikkje på nokon måte for klamt privat. Dette er ikkje noko ghostwriter-produkt, stemmen til Odd klinger tydeleg gjennom det heile. Likevel kjem ein ikkje heilt inn under huda på han. Det hadde vel heller ikkje vore hans stil; den distansen han skildrar så godt mellom familiemedlemer og bygdefolk går også igjen mellom forfattar og lesar. Han skriv noko om oppvekst og familie, men legg mest vekt på musikar-karrieren. Best synes eg han er når han skildrar dei nære tinga: heimplassen og bygdekarakteren, agurkane sin veg til drivhuset. Forteljinga om musikaren er også god og personleg i nokre parti, men historikken kan bli litt skjemt av oppramsande 'name-dropping', og filosoferinga om musikk og låtskriving som leveveg og livsstil er litt for langdryg enkelte stader. Men alt i alt ei sympatisk og lesverdig bok, som bør appellere til fleire enn den hardaste kjerna av fans.
Han kan søren meg skrive en god bok også. Gøy å gjenkjenne noen av fortellingene hans som jeg har hørt tidligere på konserter. Det at kapitlene har navn av sangene hans har utrolig stor påvirkning på stemningen hele kapittelet får - som at hvert kapittel har et eget soundtrack. Kjenner meg mer igjen i denne mannen nå enn jeg det jeg gjorde før jeg leste boka. For en bok.
Kan hende det er min gryande Vest-Telemark-patriotisme som speler inn, men synes det her var ei knallbok. Las den på ein dag, heilt oppslukt. Lur oppbygging på historia. Likte best når boka var på sitt mest kvardagslege, reflekterte og nære. Perfekt skildring av ventetida på venue før lydprøve på side 128 - kan ikkje bli noko anna enn full pott.