Tore Renberg har gjort det igjen! Meisterleg skrive, med eit spanande persongalleri og ein kompleks og ivrig forteljarstemme, som også er tidvis upåliteleg. Gøy og rotete!
Det er den pensjonerte norsk- og historielæraren, Jon Magne Moi, som har perspektivet. Han og kona finn ei nedfrosen jente utanfor det gamle lorde-slottet litt utanfor bygda, og vi følgjer Jon Magne i tida etter den dramatiske oppdaginga.
Formatet er tidvis krevjande, og lesaren må halde tunga beint i munnen for å klare å følgje handlinga i eit hav av fotnotar og forteljaren sine personlege anekdotar. Skrivestilen bryt med forventingane, og boka kan dermed ende opp med å bli misforstått som ei kronglete og forvirrande krimforteljing. Renberg leiker seg med både sjangerbrot og surrealisme, representert ved den mystiske lorden, som stadig avbryter rammeforteljinga. Eg trur lesaren sin preferanse kring oppbygginga av romanen er avgjerande for om ein likar boka eller ikkje.
Eg opplever Jon Magne som ein vandrande parodi, moglegvis på Renberg sjølv, spesielt etter å ha lest Lungeflyteprøven. Referansane til barokken, Leipzig, og den langt over gjennomsnittet historieinteressa til Jon Magne generelt, er eit artig litterært grep. Det skapar ei kjensle av utålmod og tidvis irritasjon over avsporingane hans, noko som gjer den meir autentisk. Likevel synast eg det er genuint interessant, men det handlar vel litt om at eg har akkurat samme yrkestittel som Jon Magne.
Beskrivingane av bygdefolket frå Jon Magne sitt perspektiv, var eit av høgdepunkta for meg. Lo godt! Nesten alle har dobbeltnamn som ikkje passar saman, noko som er prikken over i-en i skildringa.
Lorden blir likevel litt i overkant kaotisk, og det er vanskeleg å puste og samle trådane undervegs i lesinga. Derfor ender eg opp med å gje boka 4 stjerner.