I Solplomme kjem midtsommarmytane og jonsokritane til live gjennom ein serie dikt med eit rituelt, messande preg. Den lysaste natta i året er ein overgang lada med uvisse. Dikta renn utover sida og får midtsommarnatta til å opne seg, blomane til å spire, bålet til å brenne og menneska til å tvile. Fotodronane summar over tindane og plastsøpla. Kva framtid skimtar vi? Kva val tek vi når alt ligg ope? Solplomme er ein heilt eigen flora.
I 2023 laga Anna Kleiva og Vilde Tuv bestillingsverket "Solplomme" til Dei nynorske festspela i Ørsta. Tuv komponerte musikken og Kleiva skreiv dikta til verket. Med utgivinga av "Solplomme" følgjer også ein CD. Synth, fløyter og vokal møter her fjellras og regnbyger i ein intens elektronisk musikk.
Anna Kleiva er en norsk forfatter og poet, oppvokst på Vinstra og bor i Oslo. Hun debuterte med diktsamlinga "Ti liknande versjonar" i 2011. "Vårar seinare" er den andre boka hennes Boka ble tildelt Natt & Dags Oslopris Årets bok 2014, og Melsomprisen 2015. I 2015 ble Kleiva også tildelt Bjørnsonstipendet og Diktardagarprisen.
Kleiva har studert litteraturvitenskap, tatt forfatterstudiet i Bø og gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Hun har skrevet for Norsk Tidend og Norsk Barneblad.
Dikt om vår og midtsommar, fulle av energi, sol, planter, blomar, landskap med fjord og glefsande fjell, jonsok og bål. Om overgangar som er lada med uro. Eit par av dikta hadde enderim (s 34 og 39/40). Sanseleg, med fargar, smak, frukt og bær i lange lister av latin og/eller språkleik (eg ville ikkje sjekke, det var fascinerande). Den julianske borga, ein labyrint av små steinar, gå inn der og bli freda. Siste halvdel av boka er eit lokalportrett som heiter backstage, backstone. Eg skjønte ikkje greia før eg på slutten av boka oppdaga at dette var eit bestillingsverk til Dei nynorske festspela i Ørsta i 2023. Aha, det ga meining. Eg hadde på musikken (cd som ligg ved. Elektronikalyd av noko som kunne minne om vind, hav, dyreliv og natur, både stille og bråkete. Eg skjønte ikkje alt, men eg likte boka!