«Den som er i sorg, ser etter den døde i naturen. Ho lyttar til susinga frå grantoppane, ser fånyttes opp på ei uvanleg klar stjerne. Ho samlar steinar og skjel til gravplassen, ho plantar ting, ho plukkar bort lauv og lar ikkje gravsteinen få fred under snøen. Trass i all denne leitinga viser naturen seg like taus. Steinen blir verande ein stein.»
Denne romanen handlar om å gå til ein døgnopen bensinstasjon på nettene, om å miste ein bror og om ein stor verdsfeil.
Om å miste ein bror. Gå sakte mot døde og korleis det er å oppleve sorga. Eg-personen bur i ein fråflytta villa som ingen bryr seg om. Ho skulle studere, men brukar tida på å følge opp broren som har kreft og blir stadig sjukare. Ho går i sorggruppe, ein slags gruppeterapi for å prøve å handtere sorga. Det er mange tilbakeblikk, og vi hoppar mellom før og etter dødsfallet til broren. Elles er ho ein del saman med Samuel som jobbar på bensinstasjonen. Ein sympatisk type. Det er særleg språket og måten ho skildrar på som eg likar i denne boka. Frå s 41 er broren eit «du» som kanskje er den eigentlege hovudpersonen i boka. Ho skildrar seg sjølv med sjølvironi og ein slags analytisk avstand. Snakkar seg sjølv ned. Ho har også eit skråblikk som eg set pris på. Les td om besøket hennar i blomsterbutikken s 93, der ho skal bestille blomster til gravferda. Ung/gammal, kvinne/mann – klisjear om kva slags blomster som passar til kven. Her kjem det komiske inn, midt i det tragiske. Det gjer det òg i møtet med gravferdsagenten, s 96. Standard gravferd med trompet, ein må jo berre le. Tankar om økologisk gravferd, eg humrar igjen.
«Livet er ein rekekabaret» skriv ho. Ser at Knut Hoem i NRK også likte dei litt sære formuleringane hennar, språket. Heidi Furre er ikkje A4, skriv han. Boka har eit anna format enn det vanlege. Og fersken-rosa omslag. Ho er forfriskande original i skildringar av livet og dei store spørsmåla. Der døden møter kvardagen. Tragisk og komisk på same tid. Eg hadde høge forventingar til boka. Og boka innfridde.
Skikkelig bra og trist om sorg og søskenkjærlighet! Full av fantastiske observasjoner og formuleringer som fikk meg til å humre midt i alt det triste. Kunne ønska meg litt mer rom til karakterene å leve seg ut, men dette var bra greier
Boken handler om den dype sorgen etter å miste et søsken, og om en følelse av at verden rundt går i oppløsning. En tilværelse av håpløshet og uvirkelighet.
Likte denne boken godt. Heidi har en behagelig stil og det er enkelt å henge med på hva som foregår. Det er noe med språket, formatet, fargene som gjør at jeg rett og slett henger med på alle linjene igjennom boka. Formuleringene er ikke pretensiøse eller abstrakte, men fortsatt originale og iblant absurd morsomme.
Velskrevet. Men det jeg likte best med den var at møtet med dramatisk livshendelse, som brorens kreft, ikke beskrives med dramatiske formuleringer. Men heller dissasiasjon og hverdag.