Denne slukte eg. Eg (og kollegaen min som anbefalte meg denne) identifiserer meg ikkje som ein ivrig novellelesar, men her fanst det berre gode historier med godt driv og herlege konsepter som vekte trang til å vidareformidle heile innhaldet til sambuaren. To av forteljingene leste eg to gonger. Mine favorittnoveller var dei to første, men alle står sterkt for seg sjølv. Eg vil ikkje røpe så mykje, men vaskeseddelen sel boka godt for det den er.