Men korleis levde han? Korleis var samlivet med Hulda, som òg var ein markant skikkelse og sjølv forfattar? Og kvifor slutta Arne Garborg å skriva skjønnlitteratur omkring 50 år gamal? Tor Obrestad teiknar eit mangfaldig og spennande portrett i denne medrivande biografien om ein av dei største personlegdomane i norsk kulturhistorie. Arne Garborg. Ein biografi utkom fyrste gong i 1991. Den blir her utgjeven på ny i høve 150-årsdagen for fødselen hans.
Tor Obrestad var ein av hovudpersonane i krinsen rundt tidsskriftet Profil i 1968. Han har gjeve ut fleire romanar, biografiar (m.a. om Hulda og Arne Garborg), dikt, skodespel, noveller, samt bøker for barn og unge. Tor Obrestad har óg virka som gjendiktar. Han er fødd i Hå på Jæren i 1938. Tor Obrestad debuterte med diktsamlinga Kollisjon i 1966, ei bok han også fikk Tarjei Vesaas' debutantpris for.