Selmor er eit episk langdikt, av ei av dei fremste røystene i den islandske samtidslitteraturen, om å overleva i ei brutal røynd – andlet til andlet med naturen, men òg side om side.
Med eit konsentrert språk forteljast historia om ei kvinne og hennar kamp for tilværa. I ein vêrhard utkant på 1800-talets Island knyt ho garn, dreg på selfangst, trassar den bitande vinteren, amputerer ein fot, saknar mannen sin, ventar på våren. Men det teiknast ikkje berre et bilete av ei kvinne og hennar tunge livsvilkår, gjennom desse motiva kjem òg ein menneskeleg styrke til syne, ein styrke målbar mot dei brutale naturkreftene ho lever i.
Gerður Kristný reknast som ei av dei fremste røystene i den islandske samtidslitteraturen. Ho har skrive innan dei fleste sjangrar, både for born og vaksne. For bøkene sine har ho blant anna motteke den islandske litteraturprisen, Alfred Andersson-Ryssts fond og blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris. Selmor vart utgjeven i 2022.
Knut Ødegård (f. 1945) står bak gjendiktinga. Han har gjeve ut eit førtitals bøker, dei fleste diktsamlingar, men òg skjønnlitterær prosa og faglitteratur. Han er òg aktiv som gjendiktar, særleg av islandsk litteratur. Diktbøkene hans er omsette til 42 språk, og han har fått ei rekke høgtståande prisar og utmerkingar frå inn- og utland.
Gerður Kristný graduated in French and comparative literature from the University of Iceland in 1992. Her B.A. dissertation was on Baudelaire's Les fleurs du mal. After a course in media studies at the University of Iceland from 1992-1993 she trained at Danish Radio TV. She was editor of the magazine Mannlíf from 1998 - 2004, but is now a full time writer.
Awards for her work include 1st prize in the National Broadcasting Service short story competition 1986, 1st prize in a TV culture programme poetry competition 1992, the Children's Choice Book Prize in 2003 for her book Marta Smarta, the Halldór Laxness Literary Award in 2004, for her novel Bátur með segli og allt (A Boat With a Sail and All) and the Icelandic Journalist's Award for Myndin af pabba - Saga Thelmu (A Picture of Dad - Thelma's Story) in 2005. Her poetry book, Höggstaður, was nominated for The Icelandic Literary Award in 2007. Her poetry and short stories have been included in school textbooks at the elementary- and secondary level, as well as in anthologies published in Iceland and overseas.
Gerður Kristný has published poetry books, short stories, novels and a book for children, as well as a book about the Westman Islands Festival in 2002.
Dette er ei diktsamling med prosadikt frå Island. Vi møter ei kvinne som er aleine med gard og barn. I glimt ser vi ho knyte garn, dra på fangst på havet, sakne mannen sin, skade foten sin, miste ei dotter og så gå inn i våren med håp. Det er eit mørke rundt ho, det er kaldt og ho har eit hardt liv. Handlinga er lagt til 1800-talet, kanskje, er usikker. Ho lever i eit landskap av tåke, fjell, snø, stein, hav, lav og dyr. Det er husdyr, ku, men og sel som dei fangar og nyttar på ulike måtar for å overleve. Kvinna er likevel noko eg vil kalle for glad og varm, trass i alt det kalde. Ho lever tett på naturen. Stilen er knapp, og inntrykka er sterke. Mykje seiast utan ord. Tittelen betyr ein sel som er mor. Det er ikkje eit anna ord for det. Selen mistar ungar til fangstfolk. Ho sjølv mista ei dotter. Selen og ho finn ein slags forståing på slutten. «Eg dett frå eitt myrker i eit anna
Bryt meg ut av ei isfrosen dyne i gryet børstar av meg rimet
grev meg atter ned i fonna av fjør» (s 37) Diktsamlinga er gjendikta av Knut Ødegård. Han skriv eit fint etterord. Forfattaren skriv moderne og tidlaust, og han gir bakgrunn og rammer for dikta. Eg likte boka veldig godt. Slike bøker vil eg lese meir av!
Boken som er inspirert av norrøn dikt-tradisjon hadde en veldig spesiell og nærmest hypnotiserende rytme til seg. Til tross for fåmælte og korte setninger så var historien ganske rik og oppslukende.