Edvard Hoem med ein roman frå sin egen ungdomstid, om forfattarkallet, den politiske oppvakninga og gudstrua.
"Ung mann vil ut" er ein memoarroman som går tett på eit ungt sinn og ein tidsepoke. På seinsommaren i 1963 flytter den fjorten år gamle Edvard til Molde. Han skal gå på realskulen, som det heitte da, i byen - ein småby, riktignok, men så mykje større enn bygda han flytter frå. Han er ung, og han vil ut. Meir enn seksti år seinare skriv den aldrande Edvard han fram: den unge mannens bitre nederlag, store fryd, gnagande tvil og grenselause ambisjonar.
«Eg begynner ein søndagskveld i august 1963. Eg stod igjen på ein hybel i Langmyrvegen 16 i Molde etter at mor og far, som hadde følgt meg dit, hadde sagt farvel til meg og reist heim med den lokale drosjen. No skulle det verkelege livet begynne. Eg skulle bli eit menneske i den moderne verda, i mi tid, ikkje ein av mange i den lange rekka av bønder som eg stamma frå, i eit landskap der tida stod stille. Slik tenkte eg på det. Eg forstod ikkje at eg framleis var eit barn.»
Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut høsten 2020.
I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.
Jeg liker bøkene til Edvard Hoem, jeg blir dratt inn i en verden som egentlig ikke er så eksepsjonell, men som likevel er så fint beskrevet at det er vanskelig å legge boka fra seg. Boka er rolig, reflekterende og fin.
Eit gjennomgangstema i forfattarskapen til Edvard Hoem er slektshistoria. Nå er turen komme til han sjølv. Til åra da han flytta frå bygda til byen og fram til han skulle dra vidare til storbyen. Dette var i 1963, da han var 14 år. Identitet, truskap, røter, lengsler, tru og tvil. Eg-personen passar ikkje inn i rollen som odelsgut. Kva skal han med livet? Kor skal han? Vi får sjå miljøet hans slik han såg det som ungdom. Det er i kontrast til slik han ser det der han sit og skriv, mange år seinare. Han veks opp i ein stor familie, som eldst i søskenflokken (med unntak av ei eldre halvsøster). Faren var omreisande predikant, og mora jobba og jobba. Han skriver ein stad at livet til mora var ein einaste lang arbeidsdag. Det er mykje kjærleik i skildringane av familien, særleg mora. Dei budde på Hoem, Fræna, utanfor Molde. Konfliktene er mest inni han. Han lengtar ut. Veit at dei treng hjelpa hans på garden, men han vil oppleve verda utanfor, bli forfattar. Han er søkande både når det gjeld religion og politikk. På skulen er han flink, men han er mykje aleine, kjenner seg utanfor. Til han møter Frenden, tremenningen Knut Ødegård. Det opnar seg ei verd av litteratur og skriving. Han kastar seg ut i dette. Dei arrangerer lyrikkstevne. Han sit på kafear (særleg Kaffestova) diskuterer, protesterer og les aviser. Det er særleg Vietnamkrigen som opptar han. Han vinglar mellom det kristne skulelaget og dei radikale. Mykje av handlinga er knytt til utviklinga i tankelivet hans. Typisk for tenåra. Det å finne seg sjølv. Det var eit stort ungdomsopprør på veg når handlinga nærmar seg slutten. Vi veit jo kva som kjem. Eg synest det er eit fint bilde av tida. På same tid er det lett å kjenne seg igjen, om ein ikkje var ung på 1960-talet. Det er noko tidlaust i historia hans. Språket til Edvard Hoem er poetisk, med levande skildringar og godt driv. Eg synest eg høyrer stemma hans. Eg møtt han mange goner, har vore på Hoem fleire gonger, inne i huset der han vaks opp. Kjenner han og familien hans. Derfor er det ekstra lett for meg å sjå det for meg, det han fortel. Men det er ein roman, og han skriv fleire stader at han ikkje hugsar alle detaljar. På side 87 skildrar han det viktige møtet med litteraturen og med Frenden, Knut Ødegård. Det er nok dette eg kjem til å hugse aller best frå boka. Kjensla av å ha funne nokon som deler interessa og få gje seg over til det.
«Seksti år er godt, men det er ingen avstand mellom den unge mannen og meg». Jeg elsker den optimistiske ungdomsligheten Hoem klarer å få fram i skrivinga si. Jeg liker veldig godt skildringen i boken. Var synd å bli ferdig, likte så godt å lese denne. Og ekstra kult er det at han har hatt en kompis han kalte «Gjøvik»😎
Hoem skriver her om sitt eget liv fra gutt til ung mann. Mesteparten av boken handler om hans 5 år i Molde på realskole og gymnas. Hoem vokste opp i enkle kår på et småbruk utenfor Molde, og miljøet der er nok ganske ukjent for meg, som vokste opp rett vest for Oslo. Jeg er noen år eldre enn Hoem, men kjenner meg godt igjen slik han på en fortreffelig måte skildrer det å være ung. Jeg reagerer på Hoems familieforhold, med en far som var omreisende lekpredikant og drev med sitt. Moren var hjemme med 7 barn og gårdsstell med litt hjelp av en svigerfar, som etterhvert ble syk og selv måtte stelles. En egoistisk far, spør du meg. Hoem utleverer både seg selv og sin familie ved å fortelle dette. Dette gjør at han må tåle noen motforestillinger fra en leser. Vi som vokste opp etter 2. verdenskrig så opp til USA og støtten vi fikk med Marshallhjelpen, muligheten for Fullbrightstipend o.l. Krigen hadde nok ikke blitt vunnet uten USAs innblanding. Vi fulgte delevis med på Koreakrigen (hvor norske sanitetssoldater deltok) og senere Vietnamkrigen. Men vi var vel ikke like opptatt av dette som omgangskretsen til Hoem. Både Korea og Vietnam var jo så langt borte. Det er imponerende at moren var så sterk at hun greide å få alle sine 4 sønner (som var de eldste) gjennom 5 års videreutdannelse i Molde. Jeg er litt forbauset over at Hoem, som var en klok gutt, ikke forsto at moren trengte litt hjelp på gården. Vil tro at han fikk litt dårlig samvittighet etterhvert. Man kan kanskje skylde på økonomien, og at det var dyrt å reise hjem, men det var vel ikke helt gratis å sitte timesvis på Kaffestova med pipa i munnen å diskutere politikk heller. Jeg oppdaget ikke Hoem som forfatter før jeg tilfeldivis leste Slottekar i himmelen. Jeg var vel av den oppfatning at en maxist leninist, som attpåtil skrev på nynorsk, ikke var noe for meg. Så feil kan man ta. Jeg har med stor glede lest alt han har utgitt etter den. Regner med at Hoem og jeg i dag er mer på bølgelengde hva gjelder USA. Dagens president er en katastrofe, og man trenger heller ikke være psykolog for å forstå at han trolig har flere diagnoser. Jeg sitter med den følelsen at Ung man vil ut, på en måte er slutten på Hoems forfatterkap. Jeg håper jeg tar feil
“Eg kunne ha skrive eit kapittel eller mange om kvinnene i mitt liv. Eg skriv om mor. Eg kunne ha skrive meir om systrene, om dei to eg har barn saman med, og den kvinna som har vore nær meg i tre tiår no. Alt dette må eg koma tilbake til, så sant eg har tid, for no kjem alt tilbake til meg når eg sit her og ser på solnedgangen. I alt vi var til for og som skjedde med meg, er kvinnene meg. Eg minnest kyss og famntak, og gråten når noko var forbi. På grunn av kvinnene i livet mitt veit eg at eg har levd. Dei er like nær meg no, som latteren i samværet, alvoret i den korte augneblinken, den lyse sommernatta, sorga og døden.”
“Den bortkomne sonen Edvard er i ferd med å bli ein gammal mann. Han vedkjenner seg det meste av det han i viktige ungdomsår tok avstand frå. Han snakkar med Gud fleire gonger om dagen. Når han bed om noko, er det utan mange ord. Han går ut frå at Gud kjenner til dei menneska han sjølv har omtanke for. Han ser ikkje fram til å døy, men kjenner heller ikkje frykt for kva som ventar på den andre sida. Trur han på det evige livet? Veit han at det finst ein dimensjon etter døden? Nei, han veit ikkje, men han har eit håp, det apostelen Peter kallar eit levande håp."
"Heile livet ligg enno framfor den unge mannen, det livet som han har bestemt skal blir et skriveliv. Han er full av spørsmål som han enno ikkje veit svaret på, men han veit kva han skal bruke livet sitt til. Han skal bli forfattar. Skal vi forlata den unge mannen der? Ja, det er på tide å forlata han der.”
Elegant, refleksiv skildring av ungdomsårene sine – nesten som å sitte på kaia og se på bølgene mens humla suser omkring allverdens tanker. Den er luftig og lett, selv om Hoem tidvis gir uttrykk for en umulig lengsel tilbake til tenårene i Molde. Romanen er ikke så lang, så Hoem dveler ikke veldig lenge rundt enkelthendelser eller følelser før han hopper over til noe helt annet, nesten som han prøver å få pressa inn så mange viktige livserfaringer som mulig inn i 240 sider; dette er nok bokas eneste store svakhet. Ellers veldig flott!
Fantastisk bog! Jeg føler så meget genkendelse i hans måde at være i verden på - at læsningen drager mig ind og jeg spejler mig i hans beskrivelser. Samtidig er bogen et tidsbillede, som giver mig et tydeligt indtryk af den udvikling Norge (og verden) gik igennem på den tid. For mig sætter det også mange tanker i gang når jeg læser hvordan Hoem (i en moden alder) kan tænke om det liv han har levet og hvordan han tilgiver sit yngre selv.
Det er noko med stemninga i bøkene til Hoem som aldri sluttar å gripa meg. Det handlar om måten han skildrar folkelivet på, kor varmt og vart han skriv om gudstrua og kor levande han klarer å gjera heilt kvardagslege hendingar.
Ung mann vil ut er sjølvbiografisk og Hoem fortel om ungdomsår i Molde på 60-talet. Boka gjev eit engasjerande bilete av ei svunnen tid og eit anna Noreg. Det er fint å følgja reisa til den unge guten med utferdstrong og skrivekløe, og eg gler meg til fortsetjinga.
A slow, but interesting biographical tale of Edvard Hoem’s teenage years during his study years in Molde. He is taking us through about half a decade of his life, his journey to becoming a poet and writer, connecting important (and sometimes trivial) events to what is happening out” in the big world”.
Easy to read, despite it being the first book I ever read in nynorsk!