Jump to ratings and reviews
Rate this book

Tynne rivner av lys

Rate this book
Du må lære meg alt.

Solveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Det er ei avgjerd som tvingar seg fram under dramatiske omstende, men Solveig, som ikkje har gardserfaring, kjenner seg likevel trygg på at dei har gjort det rette. Ho legg merke til ei endring i Vegard. I fjøset er han ikkje redd. Og frå utsida ser den vesle mjølkegarden riktig så idyllisk ut.

På nabogarden bur barndomskompisen Sveinung, som har lagt over til moderne lausdrift for lenge sidan. Sveinung er stadig innom etter at dei overtek, både Vegard og Solveig trivst godt i selskapet hans. Gradvis blir likevel besøka færre. Solveig stansar han ute på trappa, ho har lovt Vegard å halde tett. Vegard treng hjelp, og Solveig er fast i trua på at ho skal klare å hjelpe han. Aleine.

Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.

185 pages, Hardcover

First published March 3, 2025

3 people are currently reading
76 people want to read

About the author

Anne-Lise Frøland

2 books3 followers
Anne-Lise Frøland (f. 1993) kjem frå Ålesund og bur for tida i Tromsø. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø. Tynne rivner av lys er den første romanen hennar.

Ratings & Reviews

What do you think?
Rate this book

Friends & Following

Create a free account to discover what your friends think of this book!

Community Reviews

5 stars
31 (46%)
4 stars
29 (43%)
3 stars
6 (8%)
2 stars
1 (1%)
1 star
0 (0%)
Displaying 1 - 9 of 9 reviews
47 reviews8 followers
June 5, 2025
Solid frå ein debutant! Usentimentalt og presis skildra. Frøland veit når ho skal dvele ved scener og når ho ikkje treng involvera detaljar. Ei nærliggjande samanlikning er Du er så lys, og denne boka er faktisk betre. Lystig er boka ikkje, men Frøland fåe også fram den omsorgen ein kan kjenna for folk som er ein fare for seg sjølv, og moglegvis også andre? Eg kan varmt tilrå denne til alle.
Profile Image for Merete Bratsberg Aae.
459 reviews10 followers
Read
May 26, 2025
Omtale av Tynne rivner av lys av Anne Lise Frøland, roman frå 2025
Psykisk helse og livet på ein gård. Eg las på NRK at dette var ein debut av det verkeleg gode slaget. Og det er eg einig i. Miljøet i romanen er ein gard, der sonen Vegard og sambuaren tar over. Det dei ikkje veit er at garden er konkurs. Det som gjer det vanskeleg er dei dårlege periodane til Vegard.
Det som skulle bli eit godt liv i fridom på landet, med dyr og natur tett på, blir veldig vanskeleg. Dei isolerar seg for å skjule problema til Vegard.
Skildringene av staden, dyra og livet der er veldig levande og fulle av lukter og sansar. Eg blei heilt sugd inn i historien og las boka på ein kveld. Klarte ikkje å legge ho frå meg.
Dei tynne rivnene er lys er håpet som eg-personen heile tida klamrar seg fast til. Ho prøver å be om hjelp, men blir misforstått hos legen. At ho likevel er så full av forståing og kjærleik er eit under.
God bok!
Profile Image for Eva Marie.
106 reviews3 followers
July 29, 2025
Dette er ei veldig god debutbok! godt komponert, og viktig om både psykisk helse og dyrevelferd.
31 reviews
August 15, 2025
Bekmørk og vond bok tvers igjennom, men også fin. Gode skildringer av alvorlig psykisk lidelse.
51 reviews1 follower
May 10, 2025
Bok 6/25 fra 2025.
Veldig god og helt bekmørk. Rytmen i språket (nydelig på nynorsk) er veldig bra og driver leseren med side for side, en page-turner på en måte slike bøker sjelden er. Strukturen med tidshopp frem og tilbake fungerer kjempebra, holder nerven oppe uten at det skaper forvirring eller virker unødvendig. Leseren sitrer nesten av spenning og jeg kjente flere ganger at jeg nesten glemte å puste ut.
Karakterene og relasjonene mellom dem er realistisk og trist beskrevet, samtidig bruker forfatteren aldri mer ord eller sterkere virkemidler enn hva som trengs for å få frem handlingen.
Selv om den er så dyster klarer den å male et slags bilde av en lysere fortid, en skjønner at karakterene evner å føle glede.
Boken er kraftig kost, men god kost.
Profile Image for Ida.
68 reviews5 followers
May 29, 2025
En sånn stille sakte bok som river og røsker. Det kan vi like.
Profile Image for Tora.
166 reviews
May 20, 2025
Vi leser om dyretragedier i avisen, om bønder som har sulta i hjel dyra sine, om kyr som drukner i egen møkk. Hvordan kunne det gå så galt, har jeg tenkt. Hvorfor ba de ikke om hjelp?

Denne boka handler om kjærlighet og ansvar, om psykisk sykdom og om hvor vanskelig det er å vite når man må gi opp og be noen om hjelp. Troverdig og fint, og veldig vondt.
Displaying 1 - 9 of 9 reviews

Can't find what you're looking for?

Get help and learn more about the design.