Miriam er 16 år og haltar. Foten blei skadd da ho var lita. Ho ventar på operasjon, men det viser seg at det må gjerast meir enn å operere. Det er vanskeleg å sjå på alle rundt ho med fine, vanlege bein. Ho slit med å finne klede som passar. Timen ho får på sjukehuset er under skolestart. Det er ikkje godt å vere utanfor det vanlege livet.
Trass i kompleksa ho har, har ho ein fin familie, ein god tvillingsøster og gode venner. Så blir ho saman med Torjus, ein skikkeleg kjekk gutt ho møter på ein fest. Ho vil ikkje at han skal vite om foten hennar. Men det er ikkje til å unngå, han må jo det.
Forelsking, handicap, familie og sjølvkjensle .... boka handlar om korleis ein kan ta ein håplaus situasjon og gjere noko positivt ut av det.