I grålysinga ein humlesurrande sommarmorgon pakkar Erla ferdig ein doggblaut fløytekvit Mercedes 1976-modell. Ho og dottera Julie på sju skal rekke Norröna-båten, som skal ta dei over Atlanterhavet, heilt til Færøyane. Der skal Julie få lære kulturen og språket til landet mora sjølv vaks opp i. For Erla blir det eit møte med alt som finst, og alt som kunne ha vore.
På, over, inni er ei bok inspirert av sommarnostalgi, med lag på lag med somrar, og alt som høyrer til. Og ut frå Færøyane spenner historia ut til nabolanda og blir ein refleksjon over forholda mellom nordiske land.
Kristin Auestad Danielsen (f. 1981) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. Du er bonde er hennar andre roman.
En likefrem og leken, snerten og snedig fortelling om å reise hjem til Færøyene. Om hva som kunne ha blitt og hva som ble, om nordisk fellesskap og færøysk særegenhet. Koste meg.
«Nei, om ikkje så lenge kan dei legge seg ned på den færøyske bakken og ta imot den færøyske essensen, berre ligge der og høyre på fuglane, høyre graset gro og øyane synge i kor. Kjenne seg gjennomlyste av hav og sol som kjem frå alle kantar, ingen skog å gøyme seg i, det kan også bli knallhardt, rett og slett. Ingen stader å gøyme seg. Det kan bli altfor vakkert og altfor angstfullt også»
En ung mor tar datteren med tilbake til Færøyene i fem uker en sommer. Historien er ok, men jeg blir lei og faller av i enkelte passasjer og skildringer som virker så malplasserte. Fortellermåten er tidvis anmasende men også direkte og forfriskende. Litt rar i grunnen.