En varm, gripende og fantastisk spennende barneroman Billie Ve har oppdaget noe skummelt, mystisk og helt forferdelig noe: tre hårstrå, en tann og en plakat som etterlyser noe ekkelt som kalles grimarer. Da hun skal vise pappa plakaten er den borte vekk. På klassetur neste dag skjer det rareste: Det blir plutselig mørkt, og Billie er alene igjen i skogen. Det er noe som biter henne i hånden, kan det være - en grimare? En klok, varm og fantastisk spennende barneroman om mot, nytt vennskap og om å tro på det utrolige.
Ah, det var akkurat det som ante meg etter Gresshoppens sang: Julia Kahrs har ei fabelaktig evne til å dikte opp spanande forteljingar med magiske/overnaturlege element på ein aldeles ikkje føreseiieleg måte.
Som trufast lesar av magisk realisme og fantasy for barn & unge (ein favorittsjanger sidan 1992), lar eg meg ganske ofte rive med, men sjeldan overraska.
Her er eg oppriktig nyfiken heile tida, eg aner verkeleg ikkje kva som skal kome bak neste busk, det er ingen vage skuggar over troper, arketypiske historier eller klassiske plotlinjer som vaker i bakgrunnen.
Borna er sterke, tøffe; men også redde. Dei har mykje trass og noko manglande tillit til vaksne sine halve forklaringar, og eg synes tankerekkene og grunnlaget dei bestemmer seg på er svært truverdig.
Rett og slett ei veldig god bok, som eg vil tilrå til ein kvar lesar. Primærmålgruppa er kanskje 8-12, men både yngre og eldre born kan finne stor glede og interesse i historia om Billie, Lieben (veldig fint namn!) og grimarene.