Boka er ei kunnskapsrik, lettlest og morosam innføring i korleis Norge sitt forhold til Europeisk samarbeid har utvikla seg i moderne tid. Forfatterens tese er at Norge historisk sett har hatt eit nærast motstrebersk forhold til europeisk samarbeid. Boka sin beste del er der forfattaran tek for seg utviklinga av EØS, samt viser til korleis forholdet mellom Norge og EU ivaretas og fungerer i det daglige i regi av EØS-avtalen. Herunder trekkjer forfattaren fram fleire gode eksempler som får fram Norge sin vanskelege påverknadsposisjon m.o.t. å få gjennomslag for sine interesser og synspunkt.
Boka sitt hovudbodskap er at Norge sitt politiske handlingsrom utafor EU blir stadig mindre, i takt med at den politiske og økonomiske ntegrasjonen i EU blir stadig tettare. Det betyr samstundes at det demokratiske underskotet for Norge og norske borgarar blir stadig større som følgje av at landet står utan moglegheiter for politisk medverknad i utforminga av EU sin politikk.
Det finst knapt nokon nordmann som kan så mykje som Brussel-bosatte Frisvold om korleis det daglige arbeidet i EU-institusjonane foregår. Ergo, denne boka er naudsyn for alle EU-interesserte som ønskjer ein betre kunnskapsplattform for å forstå kva som faktisk foregår i Brussel, samt kva slags farse den norske relasjonen til EU i dag representerer.