Karl vaknar opp i skogen med store smerter. Han hugsar at han sprang. Han hugsar at han fall. I brokkar og bitar kjem minnet tilbake. Han var på Innsetra, arrangerte rovdyrsafari. Det svartnar for han når han prøver å røre på seg. Kvar er alle dei andre?
I denne frittståande oppfølgjaren til Gult farevarsel møter vi igjen søskena Karl, Dorte og Anette og foreldra deira. Da familien var samla på Innsetra eit år tidlegare, gjekk det meste gale. Løgnene og dei vonde minna frå denne helga har splitta dei. Men no, når Karl er borte og leiteaksjonen er i gang, må familien legge alt dette bak seg. Kan det vere denne nye katastrofen som skal samle dei igjen?
Brit Bildøen (født 28. januar 1962 i Ålesund) er en norsk forfatter og lyriker, oppvokst på Aukra. Bildøen er utdannet som, og har arbeidet som bibliotekar, har studert sosiologi og gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Hun arbeider nå som forfatter, gjendikter, oversetter, forlagskonsulent og litteraturkritiker, blant annet for Dagbladet fra 1996. Hun har vært medlem av Den norske forfatterforeningens litterære Råd. Hun var i 2001 festspilldikter for Dei nynorske festspela i Ørsta.
Bildøen debuterte litterært i 1991 med diktsamlingen «Bilde av menn», og har mottatt flere priser. Hennes roman «Tvillingfeber» (1998) ble dessuten nominert til Brageprisen. Romanen «Alt som er» (2004) ble som den første boken på nynorsk av en kvinnelig forfatter lansert som månedens bok i Bokklubben Nye Bøker.
Veldig spennande oppfølgjar til Gult farevarsel. Hemn, utroskap, dårlig samvit, turistnæring og ulveproblematikk er sentrale i handlinga. Karl vil drive med rovdyrsafari, men dei lokale jegarane ønsker ikkje å ha turister i skogen, som vil forstyrre for dei. Det kjem til ein konfrontasjon mellom dei ulike interessene, og det er ein veldig spennende utvikling i handlinga, som inkluderer mange personar, gamle konfliktar og ein kamp mot klokka.
Det er vanskeleg å skrive uten å røpe for mykje. Eg trur du må lese boka sjøl. Dette er ei bok du kjem fort gjennom. Må jo finne ut korleis det går.