Nattbarnet er ein litterær krim med mørke og poetiske undertonar. Forteljinga om familie, forteiing og ei fortid ein ikkje kan ta livet av er perfekt for ein mørk haustkveld.
For fleire hundre år sidan vart Stegleholmen brukt som rettarstad, og hittil har folk flest late den vere i fred.
Då eit byggeprosjekt ute på holmen grev opp gamle knoklar, blir faren til Helene meir forvirra enn han alt er. Han verkar redd og begynner å gå ut om natta. Helene reiser heim frå eit retningslaust liv i Oslo for å hjelpe han.
Somme trur at beinfunnet stammar frå dei dødsdømte som skal ha blitt avretta på holmen. Men kort tid etter at Helene kjem heim, blir ei kvinne funnen drepen der ute. Folk i bygda leitar etter svar, men kven kan ein stole på? Helene begynner å grave i saka. Snart finn ho seg sjølv midt i eit ope sår, med menneske rundt seg som kan gå langt for å forteie sanninga.
Samtidig drøymer den unge og naive Connie om eit betre liv, helst i det ærverdige Dokterhuset, under vengen til den godt vaksne Stella. Men er dette rette plassen for henne og barnet som veks i magen? Det viser seg snart at huset rommar løyndommar og ein historie som ikkje burde vekkast til live.
Og er beina på holmen så gamle som ein først trudde?
Laura Djupvik er forlagsarbeider, skribent og forfatter. Hun kommer fra Gurskøy på Sunnmøre, men bor nå i Lier ved Drammen. Hun debuterte med romanen "Båten er så liten" i 2004. I 2008 fikk hun Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka "Hundre appelsinar og ein fiolin". I sin begrunnelse sier juryen blant annet: «Laura Djupvik har skrive ein vakker liten roman med ein viktig tematikk: Det er lov å vere annleis. Romanen er tematisk kompleks og språkleg enkel... Laura Djupvik (viser) ei sjølvstendig og særprega forfattarstemme med evne til å skildre kjenslesterke scener utan å vippe over i det sentimentale.»
Nattbarnet er ein uhyggeleg krim om gamle bygdehistorier, ting som ligg skjult i familiehistoria og eit nettverk av folk som er knytt saman på måter ein ikkje veit om. Det er ein gammal rettarstad som alt kretsar rundt. Der vil ein bygge hytter, men overraskinga er stor når ein finn menneskebein frå nyare tid i jorda. Stegleholmen ligg der med eit uhyggeleg sus frå eldre tider, men det strekk heilt inn i livet til dei som lever i området i dag. Og så blir ei kvinne drept der ute. Ei frykt sprer seg. Vi følger journalisten Helene, som bur i Oslo, men må heim til bygda for å sjå til den gamle faren sin. Er han dement? Kva plagar han? Helene er nysgjerrig og grev rundt i mysteriet. Det er mange mistenkelege personar. Eg har i notatane mine mange namn på lista, mange potensielle samanhenger. Men eg gjetta ikkje rett før heilt på slutten. Folk har gode og dårlege sider. Ein kan ikkje alltid sjå dei. Det er særleg ein streng doktor og skjebnen til dei to døtrene hans vi får innblikk i. Eg trur ikkje eg vil røpe meir. Du får lese sjøl! Boka har eit godt språk og eit uhyggeleg driv. Omslaget er vakkert og mystisk.
Nydelig skrevet bok, om handling og konsekvenser. Familie, hemmeligheter og hvordan begivenheter griper inn i hverandre og skaper ett ekko gjennom hele livet. Selve krimhistorien er spennende nok, men det var menneskeskjebnene som virkelig grep fatt i meg her. Historien veksler mellom nåtid ute på øya, i etterspillet av knokkelfunn og drap, og 1981 i Oslo - med studier, jobb og byliv.