Avsluttar leseåret 2025 på ein intellektuell high. Ikkje lest ei einaste setning av Thomas Mann tidligare, men denne biografien trigga noko interesse hjå meg.
Det skin igjennom at boka er skrive av ein med høg respekt og kjærleik for Mann. Trass i det synes eg at dei personlege, notidige reiseskildringane ikkje gir noko som helst til boka; Kjennest mest som at dei er ein forklaring på at forfattaren har vore ute å reist litt mykje. I tillegg blir det tidvis mykje hopping fram og tilbake i tid og personar som kan ta motet frå einkvan. Elles: tipptopp.