Ein oktoberkveld i 2004 møtest Bruce og Svenne på ein fest i eit gammalt hamnelager i Tromsø. Sidan har det vore dei to. Ein «lausunge» frå New York, ein «lappjævel» frå Tysfjord. Ein amerikansk lingvist, ein lulesamisk aktivist. Dette er forteljinga om to menneske som brenn for kvarandre, og for å redde eit utryddingstrua språk. Det er ei forteljing om tap, sorg, skam og traume, men også om kva ein kan få til når ein har kvarandre. Dette er ei forteljing om å stå fram, stå imot og stå for den du er.
"Tenkeleg blir det først når nokon gjer det utenkelege tenkeleg. Tenkeleg blir det først når nokon tar kostnaden."
Hva har du lest i samisk språkuke?
Jeg kom over denne. Utfordrende og forhistorisk tittel. Lausunge og lappjævel. Om to gutter, på hver sin side av Atlanterhavet. Begge uten fedre tilstede i livet. Bruce som hekla med mora på Staten Island. Svenne som broderte med mora si på Hellandsberg. Som kom seg opp og fram mot alle odds. Og som møttes på fest i Tromsø, og resten er kjærlighetshistorie, til hverandre og til videreutvikling av det lulesamiske språket.
Jeg trodde jeg skulle like denne boka mer enn jeg gjorde, for premisset er jo egentlig right up my alley. Historiene til Bruce og Svenne var i og for seg interessante, men jeg synes boka ble litt rotete og ustrukturert, veldig mye hopping fram og tilbake mellom de to karene, mellom fortid og nåtid, og litt historie og fakta blandet inn her og der. Ble litt forvirrende og vanskelig å følge.
Ei kjærleikshistorie- om kor tilfeldig og samtidig ikkje desse to høyrer saman. Frå fattigdom, utanforskap og mobbing i Staten Island på den eine sida og lulesamisk bakgrunn med utanforskap grunna fornorskingspolitikk på den andre sida. Og så mykje mykje meir av skjer i sjøen og krumspring i livet som førte dei saman. Båe driftige og flinke karar som no er viktige brikker for å styrke det lulesamiske språket. Fin historie og bok.
Fin historie, eller skal vi seie historiar? Lærte mykje om både lulesamisk og det å vere skandinav på Staten Island. Men framsida av boka er ikkje pen! Her kunne Samlaget lagt ned meir innsats.
Dette er en bok om kjærlighet mellom to personer med helt forskjellige, men samtidig like, oppvekst- og forhistorier som finner hverandre. Dette er en bok om å reise seg fra elendighet og mobbing. Dette er også en bok om kulturmøter og dedikasjon til det lulesamiske språket. Dette er en bok som vil få deg til å reflektere.