På fjellet, blant utstoppa dyr, over telefon, på svaberget, i ein ruin, på stovebordet, med avløysaren, med spelemannen, med musikklæraren, med eit troll, med nissen, med fotografen …
Kva er din våte draum?
Maren Barlien, Kari Anne Bye, Carl Martin Eggesbø, Monica Goksøyr, Sigrid Agnethe Hansen, Tormod Haugland, Ingvill Kjærstein, Oda Malmin, Odd Nordstoga, Brynjulf Jung Tjønn, Bjørn Vatne og Selma Lønning Aarø har alle fått meske seg i den erotiske sjangeren og lar fantasien få fritt spelerom til glede for lesaren.
Attrå er ei sexy bok som både pirrar og utfordrar. Vil du vere med på leiken? Vi kan love deg at nokon kjem til å komme.
Monica Goksøyr (f. 1990) har vakse opp på øya Runde på Sunnmøre og har røter i Thailand. Ho har ein master i rettsvitskap og arbeider som jurist i staten. Ho har gått på Aschehougs forfattarskule. Hausten 2023 debuterte ho med novellesamlinga Slemme jenter, som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Ho er også nominert til LOs litteraturpris for samlinga.