Liv har flytta til Oslo, ho jobbar som tilkallingsvikar i radiohuset på Marienlyst, studerer litt, bur i eit skittent, folksamt kollektiv. Ho er tidleg i tjueåra og full av håp for livet. Idun er eldre, høgreist, sjølvsikker, og den første kvinna Liv er kjærast med. Hos Idun er alt på plass, gjennomtenkt, nydeleg, det luktar lavendel og sitron på badet, ved og eld i kjøkkenet. Det er ein god stad å vera - heilt til det ikkje er det lenger.
Eit verkeleg liv er ein intens og sanseleg roman om å kasta seg ut i ein oppslukande forelsking og mista seg sjølv i svevet.
Andre Aanestad-bok på kort tid. Som den førre er den veldig bra skrive, med god nynorsk språkføring. Som i den førre handlar den om eit forhold mellom to kvinnar, den eine yngre enn den andre. Denne gongen med romantisk forteikn. Der hovudpersonen i Ida i Italia veks og vert meir og meir seg sjølv, mistar hovudpersonen her stadig meir av seg sjølv i møte med den andre kvinna. Ikkje eit direkte toxic-relationship, men nok av raude flagg som gjer at det endar på riktig vis.
Det ligg ei slags detaljfiksering av eit liv med mykje kulturell kapital i denne romanen. Pastaen vert kokt al dente, med kapers og ansjos. Fiskegratengen vert laga med stivpiska eggekvite. Mykje kaffi og heimebaka brød på morgonen. Alt kopla saman med ei halvhjerta innstilling til framtida, i påvente av at noko kjem til å skje. Personlegdomen til hovudpersonen er i hovudsak "ung vaksen i hovudstaden på jakt etter noko som kan definere kven ein er, men utan eit ynskje om å ta ansvar sjølv". Kan hende at fokuset på alle dei små detaljane går på bekostning av ein faktisk substansiell djupne i karakterane, men er det ikkje i detaljane det verkelege livet faktisk er?
4,5. Litt treg start, men siste halvdel var magisk. Så vakre skildringer, og fint å lese skikkelig god nynorsk. Favoritter: "Eg ønskjer at han skal få leva i ei mjukare verd enn eg gjer. Triumfen er: Eg har gjort noko tydeleg, noko modig. Så tydeleg at det har effekt i verda. Dette er ei kald perle eg kan suge på. For meg sjølv ønskjer eg eit drastisk liv, eit vakkert". (s.55). "Begjæret mitt er eit hòl som berre kan fyllast av begjæret til nokon andre. Det er ei sirkulerandre tomheit, ein skjør evigheitsmaskin" (s.107). "Eg har tenkt på smerta som ein rein og klar ting, ønskt at ho skulle susa gjennom blodårene mine og liksom opna dei opp, for nytt friskt blod. For det verkelege livet. Men det er ikkje sånn det verkar. Det som gjer vondt no, er grumsete og uklart. Smerta er ikkje ein avklart storleik utafor meg, det er heile meg som vaklar" (s.110). "Eg er sliten i hjartet, men det er ikkje noko eg kan kvila av meg. Ein stad i meg har eg uendelege krefter" (s.139).
This entire review has been hidden because of spoilers.
4,5 !!!! DETTE ER GRUNNEN TIL AT DET Å LESE SKJØNNLITT ER MEGAVIKTIG FOR DEN EMOSJONELLE INTELLIGENSEN!!! Det å sette seg inn i et annet menneske sin situasjon, gjerne som er helt forskjellig fra en selv er grunnleggende for å kunne være et medmenneske.
En nydelig bok å være i. Vakkert språk. Setninger som fester seg. Stramt fortalt. Om en ung, kvinnelig tilkallingsvikar i Nrk radio som dras mot en vakker og dominerende kvinne . Anbefales.