Maria Parr er blant dei største norske barnebokforfattarane gjennom tidene. Med bøker som Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Oskar og eg har ho engasjert, rørt og underhalde barn og vaksne i over tjue år.
Innimellom barnebokskrivinga har Maria Parr også skrive tekstar for vaksne, både essay, talar og tampar til lokalavisa Synste Møre. Felles for desse tekstane er ei interesse for og undersøking av det som skjer i møte mellom ein lesar og ein skrivar. Om korleis tilsynelatande små og uviktige opplevingar kan vide seg ut og gi meining og betyding langt utover den personlege erfaringa.
Sjå, der går ein barndom er ei samling tekstar der Maria Parr tek oss med til det magiske landskapet barndom, til dei stemmene og forteljingane som inspirerte ho til å finne stemma si. Samlinga er ei kjærleikserklæring til biblioteka, til formidlarane og til alle dei som bidreg til å vide verda ut for lesarane.
Maria Parr is a writer and high-school teacher. Adventures with Waffles, her debut novel, has been translated into twenty languages and won several awards around the world. Maria Parr lives in Norway with her family.
Maria Parr skuffer sjelden og i "Sjå, der går ein barndom" har ho samla ei rekke tekster. Tekstane tar oss tilbake til det magiske landet barndom, til dei stemmane og forteljingane som inspirerte ho til å finne si stemme. Samlinga fekk meg til å tenkje på mine inspirasjonskjelder og kvifor eg har blitt ei som leser 200 bøker i året. Bøkene var alltid tilgjengelige i bokhylla heime og det var sjelden eit nei då biblioteket vart nemnt. Maria Parr anbefales både som barnebokforfatter og med denne samlinga tekster.