Heile denne unge kroppen var liv og eld; heile denne sjæli elskhug. So fullt og varmt gav ho seg, at Georg, angelsaksen, svimra burt og vart eitt med henne; gjekk upp i henne; gløymde seg sjølv; det var forunderlegt; det var pantheisme. Han hadde ikkje visst fyrr, kva det var å bli teikn heilt og gjeva seg heilt. No visste han det. Og forstod, at den som visste det, han hadde livt livet. - Men alt det dei hadde ihop måtte dei løyne og dylja, liksom det skulde vera noko stygt (s. 75).
Ho visste altfor godt med seg sjølv, kor stor hjelp ho kunde vente av studenten. Han hadde vori her for eit par dagar sidan. Kom luskande som han hadde gjort noko vondt. Aldri hadde ho set slik modløyse på eit mannfolk. Det var so ho hadde vondt av han. Og han tagg og han bad på sitt arme liv, at ho ikkje måtte gjeva upp honom til barnefar. Ingin måtte vìta um dette. Han var ein øydelagt mann, dersom folk fekk tak i det. «Di har vel alltid nogen annen, som Di har vært sammen med?» hadde han spurt. Det var ho vond på han for enno (s. 115).
Det var ei tenestegjente som måtte ut av huset av di ho var ufør, narra av «en skurk af en ingeniør». Ho var eit ungt, vakkert menneskje, åleine i verdi; no skulde ho ut på villande von. Skam og naud, og meir skam, og meir naud, var alt ho hadde å vente; og ho grét som ho vilde gråte ut sitt hjarteblod. Det var eit jammers syn. Dagmar hadde ikkje tolt det; ho hadde rømt, gøymt seg, i vill gråt sjølv. Og då hadde ho set det so klårt: mot slik måtte kvinna gjera upprør. Alt som kvinne heitte måtte slå seg saman; dei måtte gjera lag, forsvarssamlag mot desse dyr i mannfolkham. For kvar ærleg gjente måtte det vera avgjord sak: aldri gifte seg med ein mann som var so hjartelaus, at han kunde øve slikt nidings verk (s. 135).