Lenge sidan eg har sette so stor pris på ei bok. Ho er velskriven og gjev eit interessant og variert innblikk i nokre av deilane av DDR. Lett å tilråda. Språket er heilt ok, men ber preg av nokre merkelege val av ordformer. Men den “kritikken” kan nok ikkje åleine verta lagt på forfattaren.
Stories about the DDR beyond what the history books tell, personal accounts from people who lived it. Even as a German, I learned plenty of things I didn't know.
Sterk bok om eit forferdeleg land som var eit sosialistisk-kommunistisk nasjonsprosjekt som no er historie. DDR hadde verdas mest overvåka folk av Stasi, som har rykte på seg og vera verre enn KGB. (Og kven jobba som KGB-agent i DDR? Jau, godaste Putin som nok plukka opp hitt og anna om å kontrollera ein befolkning av Stasi..)
Dypvik fortel vitnesbyrda til kjende og ukjende frå DDR. Historiar om ektemenn som spionerte og rapporterte på kone og born, politiske motstandarar som kom i hemmelege fengsel, psykisk og fysisk tortur og drap i desse fengsla, barn som vart tatt frå mistentekte oposisjonelle og gitt til regimetru par i tvangsadopsjon, ungdomsanstaltar som straffa og behandla dei unge som kriminelle...mange brot på menneskerettane.
Likevel er det gammal-DDR'arar som framleis forsvarar systemet enno og ikkje angrar på noko, men derimot meiner at DDR er misforstått og at regimet slett ikkje var så verst.
Eit fascinerande innblikk i eit land og nær historie me veit for lite om. Les og bli klokare på undertrykkjande regimer.
Historisk-journalistisk dissikering av kommuniststaten DDR 40-årige historie sett fra både ofrene og makthaverne med minnehistorisk forklaring på hvorfor denne avdøde staten blir husket så forskjellig i Øst og Vest-Tyskland