Til deg, du Hei og bleike Myr
med Bukkeblad,
der Hegre stig og Heilo flyr,
eg gjev mitt Kvad.
Det er Haust. Det ruskar ute
med Regn og kalde Vind.
Smaafuglen flyg mot Rute
og vilde gjerne inn.
Men under omnen god,
der ligg paa Sekkje-Pute
han gamle Mons i Ro.
Gamall Kar
han er i Gard;
strengt han all Ting agtar.
Fylgde blid
fraa fyrste Tid
med i baade Stræv og Strid;
og helst han Fjose vaktar.
(om Veslemøy)
Mat ho ber
til Kui kjær,
og kvar og ei ho kjæler.
Gjerne ho
stullar so:
alltid var ho dyregod
og aldri for Nissen fæler.
Med skrukne Krokehandi
ho dreg den lange traad.
Rokken knurrar sin gamle Song,
som lite ho høyrer på.
Og Gleda svell i den unge Barm;
gløymd er baade Strid og Stuir og Harm,
og Live stormar og strøymer.
Hugen leikar og Augo lær,
Elsken gløder og Hjarta slær;
det er stundir ein aldri gløymer.
Haugtussa ho sit i myrkaste Kraa
og ser paa og myler og mumlar;
ho ser det dei andre ikkje kann sjaa,
som villt seg i Dansen tumlar.
I Stogo det kryr
med alle Slags Dyr!
dei hoppar som skuggar og flyg og flyr.
Tirli-ti! segjer Lerka,
ho stig og stig imot Sky.
Kvar Gong ho tirlar i Morgenstundi,
daa verter Verdi ny.
Tirli-ti! segjer Lerka,
ho sviv under Kvelven fritt.
Kvar Gong ho tirlar i Morgonstundi,
det kitlar i Hjarta mitt.
Men Heluna, vene brune Fuglen
med svarte Fløyels Barm, -
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
daa vert eg i Hjarta varm.
Men Heluna, vene brune Fuglen
som stig meg so stillt imot, -
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
det græt meg i Hjarterot.
Jordi søv i sin Vinterblund.
Maanen lyser paa Himmilrund.
Tusund av Diamantar
glimar um Grein i den frosne Lund.
”Det fyrste Krav, det er?”
- Sjaa ut som dei andre i all di Ferd.
(...)
”Det femte?”
- Spar ikkje den,
som i Vegen for deg stend!
”Visdomens Grunn, fekk den du fat?”
- Aldri du gløyme det store Hat!
No rullar Have svært mot Land
med Skum um skavlande Ryggir
og bryt seg sprengt mot Øydestrand,
der berre Vindtroll byggjer.
Og Stormen skrik i ville Gru,
der yvi Djup han jagar
med Fok og Ro kum rev og Flu
i desse haust-myrke Dagar.
So døyr det burt i den unge Barm,
so folnar Blom og Blide,
naar Saknad sløkkjer Voni varm
med Taarir salte og stride.
So døyr det burt, så døyr det ut,
mitt Liv med alt, det drøymde,
naar Elskhug vendest til Harm og Sut,
og Guten burt meg gløymde.
Kor hev det vorti Veslemøy no.
Eg kjenn meg ikkje. Eg var ikkje so.
Eg gjekk her trygg og tulla og sprang
og visste kje at Dagen var lang.
Heimen ligg paa den same Flekk;
ho Mor gjeng tuslar som fyrr ho gjekk.
Men tom stend Heimen forutan Ord;
og framand vart mest mi eigi Mor.
I Glaskarmen heng eg og stirer stur;
lengtar, lengtar som Fugl i Bur.
Men ingin aa sjaa paa Veg eller Vang.
Jau no hev eg lært at Dagen er lang.
Vend deg til den som Sol hev skapt.
Enn er du ikkje reint fortapt,
du arme Syster kjære!
Reis deg med Magt og ut deg rykk;
gjev att, gjev att den Synde-Drykk!
Det store Tol du lære;
- Du ut er vald til Ære.
”Skal burt eg gløyme mi Hjartesut?”
- All di Sorg den sløkkjer me ut.
”Sløkkjer de Elden som heitast brenner?”
- Naar staupe er tømt, du Inkje kjenner.
”Ja vil de sløkkje den Suti heit,
den kan eg kje misse for alt eg veit.
Og fyrr eg vil sleppe den Suti hard,
fyrr gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard.
Og fyrr eg vil gløyme den Sorg som brenn,
fyrr gjeng eg Narr i mi heile Grend.
Ja fyrr eg vil gløyme Guten eg fann,
fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand.
Ingin annan fær meg i Famn;
no riv eg meg laus i Jesu Namn.”
Her ser du Visdoms Volve staa.
Ho vil deg gjeva djupt aa sjaa
og store Røynslur herde.
Ho ber deg gjenom Helheims Gov;
der skal du skimte Livsens Lov
og gjenom Rædsle lære
det Verk, som vert di Ære.