Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Som leiar for fleire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettskampen på slutten av 1800-talet. Målet vart nådd i 1913, men det sette ikkje på nokon måte punktum for Qvam sitt politiske og organisatoriske engasjement. Qvam vart ikkje utan grunn kalla Korridorenes Dronning, og ho påverka gjerne landets leiande menn ved å gå gjennom konene deira. Sjølv var Fredrikke Marie Qvam gift med Ole Anton Qvam, ein sentral Venstre-politikar. Mykje sjukdom, to barn som døydde tidleg, ein son som døydde av tuberkulose 25 år gammal, og eit dødfødd barn sette eit sterkt preg på livet hennar.
Noreg sin største kvinneorganisasjon norske sanitetskvinner sin fyrste leiar og ein sentral figur i kampen for allmenn røysterett for kvinner (1843-1938). Venstrekvinne og målkvinne sjølv om ho aldri endte opp med å skrive nynorsk sjølv. I tillegg var ho med i kampen mot trafficking in women. Ho fødte fem barn og mista fire i sjukdom. Det er uklårt kva dei døde av, men ein mistenkjer at eit par kan ha vore grunna tuberkulose. Dottera Louise vart ei av vår tids fyrste kvinnelege legar, og eg finn ikkje at ho nokon gong vart gift og fekk barn. Det seier noko om tida at sjølv ei kvinne frå den største og truleg rikaste storgarden i Trøndelag opplevde å miste fire av fem barn. Det var hjarteskjerande å lesa. Derimot la ho seg på ingen måte ned. Ho virker å ha vore ekstremt handlekraftig. Eit imperativ i livet. Mi tippoldemor Johanne Haug var ei av dei kvinnene som tidleg vart vald inn i eit kommunestyre då ho som nr sju kom inn i Moss Herred Jeløy i 1913.