Boka åpnar med ein introduksjon/klargjering av kva religionspolitikk er og kva områder av samfunnet, fagfelt, politiske områder og anna den grip inn i. Vidare får vi eit historisk tilbakeblikk før forfattaren drøftar ei rekke utfordringar der behov, rettar og pliktar kryssar kvarandre mellom staten, dei forskjellige religionane, enkeltindividet og menneskerettane.
Det er interessant å få peika på problemstillingar frå mange vinklar og eit mest mogleg objektivt blikk. Alt i alt får ein eit betre oversyn over eit svært vidt område og er betre rusta både til eigne val og ikkje minst i debatt med andre.