Hillevågsgjengen er tilbake! I denne tredje boka i Teksas-serien, som og godt kan lesas for seg sjølv, møter vi igjen Jan Inge, Rudi, Chessi og dei andre meir eller mindre sentrale aktørane på Hillevåg i Stavanger. Igjen er det heavy metal, horror-filmer og kriminell humanisme som står i fokus, men noko er forandra i paradis. Ei barmfager kvinne frå Amerika, ei fristerinne, Beverly Hinna, har forheksa Jan Inge og trådt inn i det småslitne kongeriket.
I eit Stavanger før oljekriså er det overflod og velstand, dette er byen med gater av gull, hvor alle har alt dei kan ønskje seg, ja mange då... Men Jan Inge og gjengen fortsett som alltid iherdige forsøk på å jevne ut sosiale forskjellar, først og fremst ved å ta frå dei som har så mykje, og gi til seg sjølv.
Jan Inge og Beverly giftar seg, Chessi og Rudi ventar tvillingar og alt ser ut til å vere i skjønnaste orden, det er nesten så ein skulle tru gjengen var i ferd med å bli stovereine. Men den amerikanske fristerinna har større ambisjonar enn eit stille forstadsliv i Stavanger, og fundamenta brest... og i bakgrunnen lurar røvarpurken Tommy Pogo.
Velskreven, humoristisk, til tider svært politisk ukorrekt og valdeleg, men svært underhaldande og fornøyeleg. Ein fest!