FOR EIT SPRÅK! Merkeleg og utfordrande roman, som likevel stadig er interessant, mystisk og med til tider litt utriveleg stemning. Minner om Fosse i det at grensene mellom liv og død, tid og rom er oppheva. Romanen går føre seg i både fortid, notid og framtid samstundes, i et mytisk islandsk landskap som er moderne og gamalt samstundes
Karakterane og skapningane som dukkar opp undervegs har heilt klårt ei eller anna metaforisk tyding, utan at eg her og no heilt kan seia skråsikkert kva, og det er også vanskeleg utan å røpa for mykje. Svært god roman!