Det er med hjarta ein elskar, er det ikkje, eller forvekslar eg det med noko anna?
I novella Fyrste kjærleik møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. Fyrste kjærleik var ein av dei første tekstane Beckett skreiv på fransk, rett etter krigen i 1945, men han vart først utgitt i 1970 og på engelsk i 1973. I boka har Jon Fosse valt ut denne saman med fem andre kortare.
Beckett skreiv smått om det store. Med ei stadig meir minimalistisk tilnærming sirkla han rundt mennesket sitt komplekse tilvære. Personane i Becketts tekstar verkar på same tid både nyfødde og livstrøytte, og tilbyr lesaren eit nytt og uvant blikk på verda. Mest kjend er han for teaterstykka, men sjølv såg han på prosaen, og særleg dei kortare tekstane, som den viktigaste diktinga si.
I utvalet Jon Fosse har gjort av Becketts kortprosa, finn vi Fyrste kjærleik og fem andre forteljingar: Kasta ut, Nok, Pling, Dei farne bort og Løyse. Tidlegare norske utgåver av Becketts korte tekstar har basert seg på dei franske originalane, men tekstane i omsetjinga til Fosse er sette om frå engelsk. Beckett sette sjølv om tekstane sine frå fransk til engelsk, og då endra han ofte ein god del slik at ein kan snakka om to versjonar av same verk. Ingen av dei engelske versjonane er tidlegare utgjevne på norsk.
SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Novels of Samuel Barclay Beckett, Irish writer, include Murphy in 1938 and Malone Dies in 1951; a wider audience know his absurdist plays, such as Waiting for Godot in 1952 and Krapp's Last Tape in 1959, and he won the Nobel Prize of 1969 for literature.
Samuel Barclay Beckett, an avant-garde theater director and poet, lived in France for most of his adult life. He used English and French. His work offers a bleak, tragicomic outlook on human nature, often coupled with black gallows humor.
People regard most influence of Samuel Barclay Beckett of the 20th century. James Augustine Aloysius Joyce strongly influenced him, whom people consider as one modernist. People sometimes consider him as an inspiration to many later first postmodernists. He is one of the key in what Martin Esslin called the "theater of the absurd". His later career worked with increasing minimalism.
People awarded Samuel Barclay Beckett "for his writing, which—in new forms for the novel and drama—in the destitution of modern man acquires its elevation".
In 1984, people elected Samuel Barclay Bennett as Saoi of Aosdána.
Man forstår ikkje alt han seie, men forstår nok til at hender kan skjelva og taket, til tider, får lika mye oppmerksomhet som døde irske forfattere. Du lar han bare snakka, lar han holda på, for du e livredd ka som skjer når han ikkje har mer å sei. Til slutt komme far din og tar deg i armen, seie at du må legga fra deg bokå og heller, som alle andre i huset, legga deg i senga. Du legge fra deg bokå, men aldri det som blei sagt. Sagt på ein måte ingen før, ingen etter, har sagt det.
Du skjønne, og har kanskje godtatt, at du aldri komme te å skriva lika godt som Onkel.
Ja, kva skal ein seie? Eg får vanligvis ikkje heilt til noveller, og desse var diverre ikkje noko unntak. Den som feste seg mest var Dei Fortapte, som er den mest ubehagelege skildringa av helvete eg nokon gong har lese. Alle novellene gav meg ei kjensle av uro og mistrivnad, Pling også av meningsløyse. Då eg såg at Løyse var meir av det same slutta eg å lese av di eg var redd for å få ei varig nyve mellom augebryna. Alt i alt forstår eg ikkje, med mitt ringe vit, kvifor Herr Beckett brukte opp papir og penneblekk på dette her.