Jump to ratings and reviews
Rate this book

Jon Fosse: Poet på Guds jord

Rate this book
I dette portrettet kjem lesaren nærare innpå forfattaren Jon Fosse. Me følgjer Fosse frå oppvekst med gitar og danseband i Strandebarm til cocktailparty i Paris, frå 12-åringens hemmelege skriverom til dei store teaterscenene i Europa. Det er historia om vegen frå teaterhat til internasjonalt gjennombrot, frå forlagsrefusjonar til kritikarhyllest, frå å vera ein opprørsk hippie til å bli hylla av kongehuset.

344 pages, Hardcover

First published January 1, 2009

13 people want to read

About the author

Cecilie. N. Seiness

1 book1 follower

Ratings & Reviews

What do you think?
Rate this book

Friends & Following

Create a free account to discover what your friends think of this book!

Community Reviews

5 stars
2 (14%)
4 stars
8 (57%)
3 stars
4 (28%)
2 stars
0 (0%)
1 star
0 (0%)
Displaying 1 - 2 of 2 reviews
Profile Image for Merete Bratsberg Aae.
427 reviews9 followers
August 4, 2023
Ein fin biografi frå 2009. Ein får møte Jon (Olav) Fosse som forfattar, dramatikar og litt som person. Cecilie N. Seiness hadde gått i hælane på han ei tid då ho jobba med boka. Jon Fosse vil ikkje dele det private. Men litt av bakgrunnen hans er med, mindre frå notida. Karakteristikk av livet og produksjonen til Jon Fosse: ... mellom anna ... ein drikkfeldig nynorskmodernist, rockar, skrivetrengd og politisk engasjert, far og halvvegs student, bladfyk og snill drittsekk, lærar, tramping i tastaturet, sjøsjukt fadermord, galskap, svensk opptur, norsk stempel, litterær rock, politisk frigjering, dramatikar med suksess i utlandet, om mottakinga (som var variert), raptus som gikk over, om Fosse som går på vatnet, møte med fleire regissørar, om å skrive for barn, om forholdet til Gud og mystikk, om kunstsyn, om endringar i kunstsyn og synet på livet, om å ha sjølvtillit, men vere sjenert og nervøs, om å vere poet aller mest. Indre monolog og gjentakingar - det er Fosse.

Stikkorda er delvis titlar på kapitla i boka. Eg har lest romanar av han, sett eit skodespel (Lilla) og møtt ham på Bjørnsonfestival, for mange år sidan. Det er noko mystisk med han. Han er litt tverr, han er ikkje redd for å ha sin eigen stil og gå på tvers. Det likar eg. Han er ein spennenande forfattar, og biografien ga meg lyst til å lese meir og sjå meir (bur langt unna teater, men kan sjå opptak).

Biografien er god, respektfullt skrive, handlar aller mest om forfattaren Fosse, ikkje så privat. Det er eit par stader mot slutten der eg synest det blir for mange detaljar som ikkje er så vesentlege, men stort sett er det godt driv. Så har han jo skrive mykje sidan 2009, og eg skal ut på nett for å lese meg opp på det som kom etterpå. Triologi, septiologi ...
Profile Image for Anna.
63 reviews4 followers
June 21, 2025
Håper det kommer en del to eller at det blir lagt til noen kapitler om noen år, for denne er fra før han mottok Nobelprisen.
Displaying 1 - 2 of 2 reviews

Can't find what you're looking for?

Get help and learn more about the design.