For meg vart denne boka altfor overfladisk og kjedeleg. Det vart ikkje gått i dybden på noko som helst, og det meste var ganske sjølvsagte ting som eg allereie visste eller kunne tenkje meg til sjølv. Her var det lite nytt å lære.
Forfattarane går i svært liten grad inn på kor forskjellige folk er eller kva for forskjellige personlegdomstypar som finst. Det verkar som om dei stort sett meiner folk er like, berre med litt forskjellige livserfaringar.
Kvaliteten på språket varierar gjennom boka. Innimellom blir det så enkelt, nesten naivistisk, at eg føler det er ganske grovt dumma ned - som om dei trur lesaren ikkje er spesielt smart.
Kanskje eg burde skjønt at det var slik boka var, ettersom det handlar om grunnleggande kvardagspsykologi, men eg hadde likevel trudd den var mykje meir interessant. No skal det seiast at eg er interessert i psykologi - som lekmann - så kanskje eg rett og slett har fått med meg det meste av det som står her frå før, og difor ikkje fann så mykje nytte i boka. Den kan jo likevel være til nytte for andre.