Kevin har flytta til Våg. Han merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Og farane som lurer, kan plutseleg stå rett framfor deg.
Kven er den tolvte spelaren?
Boka er del av GRØSS OG GRU - ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.
Tor Arve Røssland skriv bøker for barn og unge, og er mest kjent for serien om den vesle kultfiguren Pode. Pode er ein seks år gamal gut som vi første gong blei kjend med i boka Pode frå 1999. Seinare har Pode-fans kunna glede seg over å følgje han i Pode mister fotfestet (2000), Pode får snue (2002) og Anti-Pode (2006). Den første boka om Pode er omsett til tysk.
Røssland har også skrive ungdomsromanen Plutselig skjøna eg alle songane (2004) og lettlesboka På rømmen i New York (2008). Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen.
Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland. Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk.