4.5
"Utanfor, i Vest, bryt Have paa mot eisju Milir lang laag Sandstrand.
Det er sjølve Have. Nordhave breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust.
Svartgrønt og salt kjem det i veldig Rulling veltande inn or dei vestlege Himlar,
drivi av Storstormane fraa Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite
Brimhestar fram or Havskodda, so Skumskavlen stend, durande sin djupe
Æveheims Orgetone fraa dei ytste Avgrunnar. So støyper detseg mot Strandi og
krasar seg sund i kvit Foss, med Dunk og Dỳn og lange Brak, døyande burt i
døyvt Dunder.
Upp fraa den laage Sandstrandi tøygjer seg eit armt, graatt Land med
lyngbrune Bakkar og bleike Myrar, yvi-saatt med Kampestein, trelaust og berrt;
avstengt mot Aust med ein lang, laag Fjellgard. Endelaussynest den nakne Hei.
Men her og der blaanar ei einsleg Tjønn, som ligg og gror att, eller eitstortstilt
Vatn. Her susar Vinden Dag og Natt. Og Graa-vêre ligg laagt yver Viddi, der
Haren rømer fraa Stein til Stein og allslags brun og spettut og vill Fugl ligg i løynde Reir og blinkar og blundar.
Yvi det heile spanar Himilen seg vid og graa, fraa Fjellgarden til Havs og so
vidt ein ser, – det einaste ljose yvi Tilvære. Den hev ein for Augo kvar ein gjeng.
Full av Skyir og Storm heng han mest alltid. Stundom sig han aat Jordi og
sveiper Lande i Regn og Skodd som i ein Duk. Og det rigner og rigner til Lande
fløymer.
Her og der uppetter Bakkar og Rés kryp laage Husihop i Smaakrullar som
søkjande Livd. I den tette Lufti hildrar deiseg halvt burt, sveiper seg i Torvrøyk
og Havdissom i ein Draum; stengde og stille ligg dei burtetter Viddine som
Tusseheimar. Rundt Husiskimtar det fram bleike grøne Flekkir av Aaker og Eng
som Øyar i Lyngviddi; kvar Bìte og kvar Lepp er avstengd og innlødd med
Steingjerde som lange Røysir.
I desse Heimane bur Folke.
Det er eitsterkt, tungt Folk, som grev seg gjenom Live med Gruvling og Slit,
putlar med Jordi og granskar Skrifti, piner Korn av Aur'en og Von av sine
Draumar, trur paa Skjelingen og trøyster seg til Gud."