Jump to ratings and reviews
Rate this book

Echo Mountain : forteljingar frå L.A.

Rate this book
"... eg veit at eg alltid har likt det som er slik LA er, spraglete, smektande, motstridande, det som er for mykje, det som ikkje er stilreint, ikkje samanhengande, eit mylder. Det går ikkje an å finne eit punkt der alt starta, det går ikkje opp; dette er berre ein måte å fortelje ei historie på. LA er inga logisk forteljing. Det er derfor eg vil fortelje den".
Los Angeles er hovudperson i Anna Kleivas første prosabok, som gjennom ulike perspektiv og forteljemåtar forsøker å kartleggje og forstå den oppdelte og sprikande amerikanske byen. Reiseskildringar frå fleire møte med L.A. i perioden 2008-2017 blir i denne boka føydd saman med forteljingar, samtalar, poetiske og essayistiske tekster, og ei viss Angelenas brev til ukjend adressat. "Echo Mountain" handlar om byen som draum, myte og fiksjon, men også om jakta på kva slags stemmer, historier og realitetar som skjuler seg under den glitrande overflata. Det er ei bok om å ha ein kjærleiksaffære med ein by, om tiltrekking og utstøyting, men også om å betrakte og skildre: Korleis fortelje om det som er skiftande og fullt av motsetningar, som ikkje lèt seg fange eller avgrense?
Anna Kleiva kombinerer forteljande, sansande og essayistisk språk på ein eigenarta måte, og viser byen som natur og konstruksjon, jungel og maskin: "Echo Mountain" er eit flettverk av tekster om byen slik den blir sett frå fjellet, ørkenen, motorvegen eller Downtown, og slik den møter oss i litteratur, poesi, film, folklore og musikk, i kulturen og historia. Det er ei rik og mangslungen bok, dels inderleg og subjektiv, dels undersøkande og analytisk, tvers igjennom fascinerande og klok. Boka er illustrert med fotografi av Yngvild Gotaas Torvik.

331 pages, Hardcover

First published September 20, 2018

1 person is currently reading
23 people want to read

About the author

Anna Kleiva

11 books8 followers
Anna Kleiva er en norsk forfatter og poet, oppvokst på Vinstra og bor i Oslo.
Hun debuterte med diktsamlinga "Ti liknande versjonar" i 2011. "Vårar seinare" er den andre boka hennes Boka ble tildelt Natt & Dags Oslopris Årets bok 2014, og Melsomprisen 2015. I 2015 ble Kleiva også tildelt Bjørnsonstipendet og Diktardagarprisen.

Kleiva har studert litteraturvitenskap, tatt forfatterstudiet i Bø og gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Hun har skrevet for Norsk Tidend og Norsk Barneblad.

Ratings & Reviews

What do you think?
Rate this book

Friends & Following

Create a free account to discover what your friends think of this book!

Community Reviews

5 stars
4 (20%)
4 stars
10 (50%)
3 stars
5 (25%)
2 stars
1 (5%)
1 star
0 (0%)
Displaying 1 of 1 review
Profile Image for Ida.
743 reviews
April 19, 2023
Mulig jeg er litt snill når jeg gir fem stjerner, men jeg har kost meg sånn med Echo Mountain. Vet ikke helt hva det er, men det var uansett akkurat det jeg trengte nå. Å lese i ro og mak, i eget tempo, om en by som både er fjern og nær, på et vis.
Displaying 1 of 1 review

Can't find what you're looking for?

Get help and learn more about the design.