2008: finanskrisa nærmar seg med stormskritt. I tida før krakket, møter vi investoren Frank Hammer, ein mann som utnyttar alt og alle omkring seg. Vi møter òg Ronny, ein oppkomling i Frank sitt firma, og Nadia, som arbeider ved strippeklubben Frank eig. Kor lenge kan Nadia halde ut i jobben, kor lenge varar Ronnys opptur, og kva vil skje med Frank når finansdemninga omsider brestar? Denne romanen er ein frittståande oppfølgjar til Arild Rein sin Stavangertrilogi.
Arild Rein (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Rein er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen.
Skuffa! Denne hadde jeg gledet meg til å lese. Dessverre var boka som en episode dårlig fjernsynsteater fra 80-tallet. Rotteland handler om Ronny som får seg jobb i St. Olav invest, her brøler sjefen på de ansatte som må lukte på en bunke med sedler, mens han spiller ABBAs «Money, money, money» på anlegget.
Hva handlet denne boka egentlig om? Veldig mye banning og stygge korte beskrivelser men veldig lite historiefortelling. Jeg ventet nok mer etter å ha lest Kaninbyen for noen år siden.