Jump to ratings and reviews
Rate this book

Hjartet er ingen logrande hund

Rate this book
Om å fri seg frå fortida. Ei kvinne reiser til barndomsheimen for å pleie si dødssjuke mor. Ho kjenner på skamma over å ikkje ha klart å skape sitt eige liv. I møtet med sjukdom og død oppstår spørsmålet om kven ho er og vil vere. Kan ho konfrontere den religiøse faren? Kan ho frigjere seg frå fortida og igjen komme nær mannen ho elskar?

172 pages

First published January 1, 2019

Loading...
Loading...

About the author

Laura Djupvik

19 books4 followers
Laura Djupvik er forlagsarbeider, skribent og forfatter.
Hun kommer fra Gurskøy på Sunnmøre, men bor nå i Lier ved Drammen. Hun debuterte med romanen "Båten er så liten" i 2004.
I 2008 fikk hun Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka "Hundre appelsinar og ein fiolin". I sin begrunnelse sier juryen blant annet: «Laura Djupvik har skrive ein vakker liten roman med ein viktig tematikk: Det er lov å vere annleis. Romanen er tematisk kompleks og språkleg enkel... Laura Djupvik (viser) ei sjølvstendig og særprega forfattarstemme med evne til å skildre kjenslesterke scener utan å vippe over i det sentimentale.»

Djupvik kom med romanen "Kvitt" i 2013.

Ratings & Reviews

What do you think?
Rate this book

Friends & Following

Create a free account to discover what your friends think of this book!

Community Reviews

5 stars
4 (17%)
4 stars
11 (47%)
3 stars
7 (30%)
2 stars
1 (4%)
1 star
0 (0%)
Displaying 1 - 4 of 4 reviews
Profile Image for Merete Bratsberg Aae.
510 reviews10 followers
Read
March 31, 2026
"Det sitt slik i meg" (s 100 om å bruke saks på søndagar). Dette er ein nydeleg liten bok om store spørsmål. Kven er Gud? Kven er eg? To systrer. Ein kristen oppvekst.

Her er notatar gjort under lesinga:

Eg-personen drar heim til dei gamle foreldra sine. Mora ligg på det siste. Faren, tidlegare organist og dirigent, styrde heimen i konservativ stil. "Den sære faren min, med Bach og orgel og Gud". Ho er glad i han, men ho har gjort opprør. Det er litt vanskeleg å komme heim. Bygdefolket vil at ho skal ta seg av faren, sidan ho ikkje har skikkeleg jobb, er frilanse, og ikkje er bunde.

Vi får sjå tilbake i livet hennar korleis barndom og ungdomstid var. Det er fine situasjonar, som mellom anna da ho som lita hjalp faren med å halde styr salmevers. Vi får blikket til eit barn: "Gud var stor og varm og lys, men med eitt kunne han endre seg og bli til ein kald stein på kyrkjegarden. Det var den grufulle løyndomen", s 37.

Det er lett å kjenne igjen element av kristen oppvekst. s 67: Ungdommar heime hos kvarandre, med biblar på fanget. "bibellesing med samtale og understreking". Ho klarar likevel ikkje å tru som dei andre. Derfor kjenner ho skam. Må late som. Ho er redd ho som fjernast, som ei grein som ikkje ber frukt. Det er mange referansar til Bibelen.

"Etter religionen kjem litteraturen". Som ungdom studerar ho litteratur. Ho trer inn i noko anna, men ber med seg ei slags lengt, eller ein kjensle av noko som manglar, slik eg tolkar det.

"Døden har tatt bort både lyset og mørket". s 82

Eg likte boka godt. Det er ei framstilling av korleis barndom og arv sit i ein. Om flytting frå bygda til byen, om kulturforskjellar. Det ein har med seg i bagasjen et kan vere både gode ting og ting ein ikkje veit heilt kor ein vil plassere. Ambivalent og usikker er kjensla, og eg likar å lese om det.

Profile Image for Martine.
99 reviews
January 29, 2026
Hadde veldig lave forhåpninger men shit den var bra
Profile Image for Jeanette.
181 reviews
April 4, 2026
anbefalt-hylla på Tromsø Bibliotek leverer igjen 🩷 vakker og sår!
Displaying 1 - 4 of 4 reviews