Om å finne seg sjølv, både åleine og saman med andre
Det er tre menn i Håkons liv. Det lange forholdet til Arve er trygt og velkjent, men dei siste åra har Arve blitt meir og meir dominerande. Stig er målretta og trygg på seg sjølv, og han inkluderer Håkon i draumane om rekkehus og eit ukomplisert A4-liv. Thomas har svarte krøller og eit smil som får Håkon til å miste pusten når dei møtest til tilfeldig sex ein ettermiddag i januar. Resten av året blir langt ifrå slik som Håkon har sett føre seg.
Håkon er ei moderne kjærleikshistorie om å vere i starten av 30-åra og ikkje ha funne plassen sin i livet, verken åleine eller saman med andre.
Ein veldig fin roman! Eg blei glad i Håkon gjennom boka, sjølv om eg fleire gonger hadde lyst til å ta tak i han og riste han skikkeleg for å få han til å berre *gjere noko*. Det er nokre scener som er veldig vonde, og om du til dømes ikkje vil lese om valdtekt bør du hoppe over dei.
Det er nydeleg å sjå spor av biologen som forfattar: til dømes blir det kommentert at hola i gulosten er laga av mikroorganismar, og hjartet blir (sant nok) omtala som ein muskel.
Wow! Sår, vond, sterk og ekte, om kor vanskeleg det kan vere å leve eit liv der ein er ærlig med seg sjølv. Håkon kjem ut av eit destruktivt forhold og flytter rett inn til Stig, som har ein klar plan for framtida. Håkon er så redd for å seie eller gjere noko som kan få dei rundt han til å slutte å like han, at han vikler seg inn i eit nett av løgner. Sjølv om eg får lyst til å bremse Håkon og seie «Ikkje gjer det!» så er det mykje gjenkjenning i denne karakteren. Ein sterk, kort roman!
Dette var ei sår og vond historie om å forsøke å finne ut kvar ein står og kvar ein skal her i livet. Spesielt vondt var det å lese om Håkons liv med Arve, som han har vore saman med lenge. Over tid har forhaldet endra seg frå noko som kanskje var bra til noko som ikkje er bra, det er episodar av vald, det er dei stadige stikka, gaslighting, skuldingar, vonde ord. Mitt råd til ein ven med ein partnar som Arve er eit ubetinga "LØP! KOM HIT!".
Og Håkon løper, til Stig, som han alt har løpt litt til, og som er ein av dei som gjer det vanskelegare for Håkon på slutten av forhaldet til Arve, for Stig gjer jo at Arve har litt rett, og kor er Håkon då? Samtidig er Stig trygg og forståingsfull, han er nok bra for Håkon der og då. Over tid ser eg imidlertid ei dreiing til at også Stig blir meir kontrollerande og mistenksam, til noko av dei same tendensane som med Arve, likevel minner det meir om normal sjalusi enn om kontroll. Viss Håkon var ærleg så hadde orda frå Stig kanskje falt annleis, eller føltes annleis?
Og så er det Thomas, den tredje som Håkon går til, den som ikkje er ute etter eit forhald, den som ikkje gir Håkon tryggleiken han kanskje søker, men han som berre gir sex og varme, ei stakket stund, ei natt. Eller er det noko meir, burde det vere noko meir, kanskje er det her det burde ha utvikla seg? Gradvis frå det usikre til det sikre med Thomas - i staden for å jumpe rett inn i det etablerte og sikre med Stig?
- og så kryssast stiane eller trådane eller snorene til slutt, og alt blir kaos.
This entire review has been hidden because of spoilers.
Syns skrivinga til tidvis vart litt barnsleg, og kunne passa betre til ei forteljing om yngre karakterar. Men likevel kjem bodskapen tydleg fram. Likar kapitla og teiknsettinga og sjølvsagt eit pluss med nynorsk. Blei veldig glad i karakteren Håkon, men syns Arve kanskje var litt dramatisert (sjølv om eg ikkje tvilar på at folk er slik på ekte). Veit ikkje kva som fekk meg til å lese boka på ein dag, kanskje ei blanding av korte kapittel, enkelt språk og fordi eg var nyfiken på endinga. Det er ikkje ofte eg seier, men boka kunne gjerne vore litt lenger, slik at ein kunne fått eit nærare forhold til karakterane og vere med dei lenger.
Fin, men en kjempetrist historie om hvor ødelagt man er etter å ha vært i et destruktivt forhold - og så hoppe rett inn i neste forhold bokstavelig talt med bagen i hånda fra det forrige. I tilleg har man en person fra et one night stand man begjærer samtidig som man vil elske den man er sammen med. Det ender som det må gjøre. I forløsning. Jeg synes slutten viser et realistisk bilde og hvordan mennesker kan være ødelagte, stygge og medmenneskelige på samme tid.
This entire review has been hidden because of spoilers.
Bra bok, mest fordi eg aldri har lese om kjærleik mellom menn og homomiljø før. Hadde ikkje kunne byta hovudpersonen med ei kvinne, heile miljøet også er bra skildra.