Eg skal ærleg innrømme at det meste av hennes karriere har eg vore heller likegyldig til Sophie Elise Isachsen. Eg har vagt i sideblikket fått med meg at ho har eksistert, men ho har eksistert utanfor mi verd. Eg har fått med meg at bloggen hennes eksisterer, og fleire gonger har eg òg sveipa innom den for å forsøke å forstå greia, men utan hell. Ikkje fordi ho ikkje skriver godt, for det gjer ho absolutt, men som rosabloggarar flest skriver ho veldig mykje om sminke, om klede, om skjønnheitspleie, om uteliv, og andre ting som ligg litt utanfor mitt vanlege interesseområde. Eg hadde ikkje noko problem med henne, men eg såg ingen grunn til at eg skulle vite kven ho var.
Men på eit tidspunkt byrja eg å leggja merke til at kvar einaste gong ho har uttalt seg offentleg i media, har ho sagt gode og gjennomtenkte ting som eg har vore veldig einig i. I dei høva der eg har lagt merke til henne har ho brukt plattforma si til å skape merksemd rundt mellom anna likestillingsproblematikk, palmeolje og hevnpornografi, viktige tema det er forbaska viktig at folk som henne kan rette søkelyset mot, og gang på gang gjer ho nettopp det. Eg kjem nok aldri til å bli ein fast blogglesar, men eg er definitivt ein fan av Sophie Elise likevel, så då var det heilt openbart for meg når Forbilde kom at «Denne boka skal eg lese».
Og det er eg veldig glad eg gjorde.
Eg var litt nervøs då eg byrja å lese, for når Noregs største bloggar skriver ein sjølvbiografi, kan det fort slå begge vegar. Sophie Elise Isachsen har titusenvis av lesarar dagleg, så det er liten tvil om at ho kan å skrive, men dersom ho hadde ønskja å skrive eit glansbilde om seg sjølv, trur eg neppe at Cappelen Damm hadde protestert. Eg trur at dei gladeleg ville ha trykka ei solskinshistorie, ei feelgoodbok, om den eventyrlege vegen til toppen, om korleis ei skulejente frå Harstad starta ein blogg, fann si nisje og tok fatt på den beinharde kampen for å klatre på topplista og til TV-skjermane.
Men dette er ikkje ei feelgoodbok. Det var ikkje glansbildehistoria Sophie Elise hadde lyst til å fortelja. I staden for får vi ei historie som er brutal og usminka, om eit tredimensjonalt og mangefasettert menneske som har ei sterk historie å fortelja.
Mi forventning var at Forbilde skulle vera ei bok som først og fremst passa godt for oss som allereie er fans av Sophie Elise. Etter å ha lese ho trur eg at dette er ei bok som bør lesast av mange fleire enn det. Eg mistenker at mange ungdomar vil kjenne seg veldig godt igjen i mange av situasjonane Isachsen skriver om, og det er nok dei som er den verkelege målgruppa til Sophie Elise då ho valde å skrive akkurat denne boka, dei som kan kjenne seg igjen i det ho skriver. Men kanskje er boka like viktig for alle dei som ikkje kjenner seg igjen i det ho skriver, alle dei som trur at ei bok frå Noregs største bloggar er det siste dei trenger å lese. For denne boka skildrar på meisterleg vis dei mørke tankane som finst i alt for mange menneske, og om du ikkje er ein av dei, trenger du kanskje ei sånn bok for å bli merksam på at dei eksisterer.
Dette er ei brutalt ærlig bok om depresjon og sjølvskading.
Dette er ei bok om å føle at ein ikkje passar inn, og om å vera outsider på vidaregåande.
Dette er ei bok om dårleg sjølvtillit, og om å forsøke å løyse den dårlege sjølvtilliten med plastisk kirurgi for så berre å oppleve at den dårlege sjølvtilliten flytter seg over til ein annan kroppsdel.
Dette er ei bok om kjærestar, ei bok om samlivsbrot, ei bok om sjølvmordstankar, ei bok om boligkjøp, ei bok om sjukemelding, ei bok om å vakne naken i ei framand seng og ikkje vite om du har blitt voldtatt eller ikkje.
Dette er ei bok om drømmar som går i knas akkurat like fort som dei går i oppfylling.
Dette er ei bok som, dersom den hadde vore fiksjon, lett hadde hamna høgt på ei liste over årets beste samtidsromanar.
Dette er ei bok om å vera eit forbilde utan å føle seg som eitt.